Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Flinkis? Lever du som Doppler?

Romanfiguren Doppler, i Erlend Loes roman med same namn, går inn i ei livskrise etter fall på sykkel. Han innser at han har levd gale og flyttar ut i skogen saman med elgkalven Bongo. Her startar sjølvransakinga. Kva han har gjort gale? Han har vore for flink. Er det den nye norske folkesjukdommen?

Del 1. Er "flinkleik" ein folkesjukdom?

I boka Sykt flink skriv psykologen Lars Halse Kneppe:

Som psykolog møter jeg daglig unge mennesker som sakte, men sikkert sliter seg ut i et forsøk på å prestere på for mange arenaer samtidig. De forteller om en verden der kravene både er blitt mange flere og mye høyere. De må prestere. Hele tiden. Alternativet er å mislykkes. Enten mestrer de alt eller ingenting. Det er sånn det føles. Og alltid er det som om hele fremtiden og selvfølelsen står på spill. (Halse Kneppe, 2021)

Diskuter i grupper

  1. Kjenner de dykk igjen i psykologen si skildring av unge menneske i dag?

  2. På kva for nokre ulike arenaer er det de som ungdom skal vere "flinke" og møter høge krav?

  3. Går det eigentleg an å gjere opprør mot "flinkleikstyranniet"? I så fall: korleis? Eller: kvifor ikkje?

  4. Diskuter påstanden: "Flinkleik har blitt ein norsk folkesjukdom overført frå foreldre til barna deira."

Del 2. Les og diskuter Doppler

Relatert innhald

Jobb åleine

  1. Les utdraga frå romanen Doppler.

  2. Formuler med eigne ord det du meiner er temaet i utdraga.

  3. Plukk ut minst eitt sitat som du synest representerer temaet på ein god måte.

Jobb i grupper

  1. Diskuter kva de meiner er temaet i utdraga frå romanen.

  2. Les sitata de har plukka ut, høgt for kvarandre, og fortel kvifor de valde nettopp desse.

  3. Er det delar av utdraget de kan kjenne dykk, eller det samfunnet de lever i, igjen i? Diskuter og grunngi ved å vise til sitat frå utdraget.

Del 3. Korleis skriv Erlend Loe?

Erlend Loe har blitt kjend for det særeigne språket sitt. Det blir sagt at ein kan kjenne igjen stilen hans med ein gong, utan å vite at han står bak eit verk. "Det loeske" har nokre bokmeldarar skrive om.

Jobb i par

  1. Studer og nærles språket i utdraga. Korleis vil de karakterisere det? Kvifor trur de Loe har blitt kjend for nettopp dette språket?

  2. Sjå gjennom presentasjonen under. Målet er at de no skal bruke fagomgrep om språket til Erlend Loe. Fagomgrepet de skal bruke, står som overskrift på sida, mens sitatet frå romanen skal vere eit døme. Diskuter samanhengen mellom fagomgrepet i overskrifta og dømet.

Del 4. Tekst i kontekst: Doppler – ei samfunnskritisk bok?

Jobb åleine

  1. Les utdraget frå boka Sykt flink av Lars Halse Kneppe på psykologisk.no.

  2. Skriv ein tekst på ca. 500 ord. I teksten din skal du reflektere over kva sider ved det norske samfunnet på 2000-talet Erlend Loe kritiserer i Doppler. Du kan velje to ulike vanskegrader:

    • Vanskegrad 1: Vis korleis Erlend Loe kritiserer samfunnet ved å bruke berre romanutdraget som kjelde.

    • Vanskegrad 2: Vis kva sider ved samfunnet Erlend Loe kritiserer ved å bruke både romanutdraget og Lars Halse Kneppes tekst som kjelde.

    Sjå gjennom presentasjonen under for å få tips til korleis du kan strukturere teksten din og bruke sitat frå kjeldene.

Relatert innhald

Kan dagens generasjon eigentleg forstå Jens Bjørneboes tekst "Om formyndermennesket"? Eller har de ikkje nokon å gjere opprør mot lengre?

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2022

Læringsressursar

Utanfor eller innanfor?