Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Emigrantene av Dag Solstad

Den modernistiske novella "Emigrantene" av Dag Solstad handlar om menneske som rømmer frå landet dei kjem frå. Dei søkjer mot "det forjetta landet". Men kan denne konkrete handlinga bety noko meir?
Portrett av Dag Solstad. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Aktiv lesing av novella

Les novella "Emigrantene" av Dag Solstad. Du finn ho på Nb.no.

De skal lese med "stopp". For kvart stopp får de ei oppgåve å svare på. Det er aller best å skrive svaret på eit ark, sidan de skal byte kommentarane med ein medelev etter at de har lese novella.

Første del

Les fram til side 8 til setninga som sluttar med ", (...) fatter sympati med oss og slipper oss inn?" Svar deretter på spørsmålene og skriv ned svara på arket ditt:

  1. Kva er førsteinntrykket ditt av eg-personen og emigrantane?

  2. Kvifor meiner eg-personen at håp er så viktig for mennesket?

Andre del

Les fram til side 10 til setninga "Da hadde vi vært der vi var, der vi hører hjemme."

  1. Kva inntrykk får du av kontrolløren?

  2. Og kva med "det forjetta landet"? Korleis verkar det på deg?

Tredje del

Les fram til side 11 til setninga "Kontrolløren etter avvisningen av de ovennevnte emigrantene."

  1. Beskriv livet til emigrantane.

  2. Kvifor held emigrantane fram med å reise til "det forjetta landet" sjølv om dei veit dei ikkje kjem inn?

Fjerde del

Les resten av novella.

  1. I del 2 skreiv du om inntrykket ditt av "det forjetta landet". Utdjup no etter å ha lese heile novella.

  2. Forfattaren kjem med ein merknad til sin eigen tekst. Han skriv at han held med emigrantane. Kva er det med livsinnstillinga frå emigrantane forfattaren hyllar?

Femte del

Skriv fritt i fem minutt:

Kan denne novella handle om litt meir enn berre emigrantar som ikkje slepp inn i eit land? I så fall – kva?

To elevar snakkar saman i eit klasserom. Dei har oppslåtte bøker og eit penal framfor seg på pulten. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 2: Del og diskuter

  1. Byt det du har skrive om "Emigrantene" med ein medelev. Les tekstane til kvarandre. Strek under det du likar med medeleven din sin tekst.

  2. Les høgt for dei andre elevane det som imponerte deg med teksten til medeleven din. Fortel kvifor du likte nettopp dette.

Del 3: Ei djupare forståing av novella

Vi kan lese novella som ein . Vil du ha ei forklaring på omgrepet, kan du sjå på forfattaren Gro Dahle si forklaring over.

Det vil seie at novella ikkje nødvendigvis berre handlar om emigrantar og det å vere på flukt. Dette er nemleg motivet til novella, medan temaet er noko heilt anna. Kva kan det i så fall vere? Kva er det forfattaren vil fortelje oss med denne gåtefulle teksten?

Skriv først aleine:

  1. Studer alle tekstpassasjane som handlar om håp og lengsel. Kva seier novella om å ha håp og lengsel i livet?

  2. Studer tekstpassasjane om "det forjetta landet". Kva haldning viser novella til det å vere rik og nøgd?

  3. Novella hyllar fattigdommen og søken og nedvurderer det å vere tilfreds og nøgd. Kan dette overførast til å handle om livsinnstilling – altså handle om kva som kjenneteiknar den rette måten å leve på? Grunngi svaret ditt.

Samanlikn med andre i klassen

Gå saman i grupper. Diskuter svara dykkar.

Del 4: På sporet av meining i Solstads ungdom?

"Emigrantene" blei gitt ut i novellesamlinga Spiraler i 1965. Då var Dag Solstad berre 24 år. Kva las den unge Dag Solstad? Og kan vi sjå spor av lesinga hans i "Emigrantene" – som ein inspirasjon?

A. Inspirasjon frå Albert Camus?

Ein mann dyttar ein stor stein oppover eit fjell. Måleri.

Dag Solstad har skrive eit forord til omsetjinga av essayet "Myten om Sisyfos" av Albert Camus. I dette skriv han:

"Myten om Sisyfos" kom ut på fransk i 1942, og kom på norsk første gang i Cappelens upopulære skrifter i 1953. Denne utgaven leste jeg ikke i 1953, da var jeg bare 12 år, og noe vidunderbarn har jeg aldri vært, men en gang før 1965, da jeg studerte idehistorie ved universitetet i Oslo, sannsynligvis i 1963, og debuterte som forfatter, det i 1965.

Det er altså lesningen av et filosofisk verk fra begynnelsen av 1960-tallet, som åpenbart har fulgt meg gjennom godt over 50 år (...)

Det betyr at det har vært et verk som må ha gjort sterkt inntrykk på meg, da jeg leste det, og som ikke bleknet med årene, som så mange andre bøker som gjør inntrykk i et følsomt sinn, men forsterket seg og åpenbart har blitt en vesentlig del av min identitet, gjennom skiftende livsfaser i mitt liv.

  1. Finn ut kva "Myten om Sisyfos" av Albert Camus handlar om.

  2. Diskuter: Kan de sjå nokon likskapar mellom det Camus seier om "Myten og Sisyfos" og "Emigrantene"?

B. Inspirasjon frå Franz Kafka?

I forordet til "Myten om Sisyfos" skriv Dag Solstad at han var ekstremt oppteken av forfattaren Franz Kafka tidleg i tjueåra. Kan ein allegori med namn "Foran loven" frå Franz Kafkas mest kjende roman Prosessen klargjere temaet i "Emigrantene"?

  • Sjå videoen om den korte historia "Foran loven" under.

  • Diskuter om de kan sjå nokon likskapar mellom "Emigrantene" og "Foran loven".

Del 5: Oppsummering

Skriv fritt i ti minutt om korleis du har tolka novella "Emigrantene". Ikkje bruk plass på å fortelje att innhaldet, men heller å forklare korleis vi kan lese den konkrete handlinga som ein allegori.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 17.11.2021

Læringsressursar

Modernisme etter andre verdskrigen