Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Samuel Beckett: Vente på Godot

Samuel Beckett (1906–1989) var ein irskfødt forfattar som busette seg i Frankrike like før den andre verdskrigen. Han skreiv litteratur på både engelsk og fransk. På 1950-talet blei Beckett ein av dei sentrale representantane for det såkalla absurde teatret.
Toralv Maurstad og Espen Skjønberg som landstrykerne Vladimir og Estragon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Om Vente på Godot

Målet for det absurde teateret var å vise – ofte på humoristisk vis – at tilveret er absurd, det vil seie utan meining.Også i skodespelet Vente på Godot (1952) er mangelen på meining i tilveret eit sentralt poeng.

I dette stykket møter vi dei to landstrykarane Vladimir og Estragon. Dei står ved sida av eit tre og ventar og ventar – på nokon ved namn Godot. Kven Godot eigentleg er og kvifor dei ventar på han, får vi aldri ordentleg vite. Det er heller ikkje vesentleg for stykket. Det viktige er samtalane mellom dei to karakterane, og ventinga i seg sjølv. Det finst ikkje noka utvikling i handlinga, ingen forløysande slutt. Godot kjem aldri, og Vladimir og Estragon blir der dei er, jamvel om dei meir og meir tviler på om det er noka meining i å halde fram med å vente.

Oppgåve

Spørsmål til eit utdrag frå Vente på Godot

Les første akt, side 11-24, i Samuel Becketts drama Vente på Godot.

  1. Korleis er staden der Vladimir og Estragon befinn seg, skildra i scenetilvisinga?
  2. Kva slags forventningar har dei to til Godot? Og kva er det dei er redde for? Finn "prov" i teksten som underbyggjer svaret ditt.
  3. Kva slags person tror du denne Godot er?
  4. Kva røper bibel-kunnskapen til Vladimir og Estragon om forholdet deira til religion?
  5. Kva kan vere grunnen til at forteljinga om Jesus og dei to røvarane er teken med i stykket?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jorunn Øveland Nyhus og Heidi Mobekk Solbakken.
Sist fagleg oppdatert 19.01.2019

Læringsressursar

Modernisme etter andre verdskrigen