Bli ein barokkdiktar!
Dei barokke diktarane brukte mange språklege bilete i tekstane sine. Det er sterke kjensler, gjerne skildra med snirkla setningar og vanskelege ord. Sjå gjerne filmen over før du arbeider vidare.
Del 1: Finn stilen
Les eit barokkdikt (eller fleire) og strek under dei språklege bileta du finn. Du kan gjerne kopiere dei og lime dei inn i dokumentet du skal jobbe vidare i.
Forslag til dikt du kan bruke:
Salmen "Aftensalme" av Dorothe Engelbretsdotter
Utdrag frå salmen "Herre Gud, ditt dyre navn og ære" av Petter Dass
Del 2: Skriv om reglane
Finn skulereglane. Ofte ligg dei på nettsida til skulen. Kopier og lim inn minst ein av reglane i dokumentet ditt.
Dryss litt barokkmagi over regelen ved å herme etter dei språklege bileta frå salmane du fann i del 1.
Del 3: Del dei nye reglane
Klassekviss: Les opp dei nye reglane etter tur. Klarer klassen å gjette kva regel det er?
Del 4: Teksten i kontekst
Kvifor brukte diktarane i barokken så mange språklege bilete og snirkla språk?
Kva effekt har det barokke sløret på skulereglane?