Hopp til innhald

Fagstoff

Noregs første kvinnelege forfattar

Bergensdiktaren Dorothe Engelbretsdotter var den første kjende kvinnelege diktaren i Noreg. Som mange andre barokkdiktarar skreiv Dorothe Engelbretsdotter salmar. Men ho var også ein dyktig rimsmed.
En kvinne sitter ved et bord og skriver. På bordet ligge en dødningeskalle. Relieff.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dorothe Engelbretsdotter

På 1600-talet var det enno nokså uhøyrt at ei kvinne skulle vere diktar. Dette var noko menn dreiv med, var den vanlege oppfatninga. Men Dorothe naut stor respekt i samtida, og samtidige forfattarar som Petter Dass og Thomas Kingo sette stor pris på diktinga hennar.

På 1600-talet var det ikkje vanleg at diktarane greidde å leve av diktinga si, verken menn eller kvinner. Dorothe klarte det, i alle fall i ein lang periode. Dette vekte misunning hos somme menn, som påstod at ho ikkje hadde skrive dikta sine sjølv. Men Dorothe visste å forsvare seg. Ho sa at dei som skulda henne for dette, burde «setjast i karantene på ei aude øy eller kastrerast»!

Salmediktaren

Som mange andre barokkdiktarar skreiv også Dorothe Engelbretsdotter salmar. Siælens Sang-Offer (1678) var den første boka av ein norskfødd forfattar som vart trykt i Noreg. Ho inneheld ei samling salmar og oppbyggjande songar. Boka vart raskt svært populær og kom ut i over tjue opplag.

Ein annan kjend kvinneleg forfattar på 1600-talet var den spedalske prestedottera Ingeborg Grytten frå Askvoll. Tjue av salmane hennar vart publiserte i boka Kors-Frugt.

Diktinga til Dorothe Engelbretsdotter er typisk for den barokke stilen. Kontrastar, overdrivingar og sterke bilete prega salmane hennar. Sjølv om uttrykksmåten kan verke svulstig nokre gonger, skreiv ho også mange dikt der språk og vers flyt naturleg og er lette å hugse.

Afften-Psalme

0:00
-0:00

DAgen viger og gaar bort,
Lufften bliffver tyck og sort,
Solen har alt Dalet plat,
Det gaar ad den mørcke Nat.
Tiden sagte lister sig,
Glaset rinder hastelig,
Døden os i Hælen gaar,
Evigheden forestaar.

Første to strofer fra «Afften-Psalme» (1678)

I dikta til Dorothe Engelbretsdotter er det personlege gudsforholdet viktig. Mennesket er underkasta allmakta til Guds, og salmane skal hjelpe folk til å få eit mer inderleg forhold til Gud og minne dei om å leve rett.

Rimsmeden

Dorothe Engelbretsdotter skreiv ikkje berre salmar. Ho skreiv også mange høvesdikt og brev på rim. I dette brevet til Petter Dass gir ho uttrykk for kor mykje ho beundrar diktinga hans, og for korleis det er å vere kvinneleg forfattar på denne tida:

[...]
Grand Mercy, mein lieber Frater,
Hæderlig Hr. Peter Dass,
Vi vil være Camerater,
Falder det ham saa til pas.
Jeg som een Poete Unge,
Byder frem, hvad ieg formaar,
J een simpel Qvinde Tunge
Jngen høy Discurs bestaar.
Om ieg zwischen uns at sige,
Kand lidt meer end Fader Vor,
Maa ieg for de Lærde viige,
Buxefolket gaar dog for.
[...]

Utdrag frå samlinga Taare-Offer (1685)

Ordforklaringar:

  • Grand Mercy – nådige
  • mein lieber Frater – min kjære ven/bror
  • til pas – dersom det passar
  • formaar – klarer
  • Qvinde Tunge – kvinnetunge
  • Discurs – kunnskap
  • zwischen uns – mellom oss
  • Buxefolket – dei som går med bukser (menn)

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Oddvar Engan, Ragna Marie Tørdal og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 16.05.2018

Læringsressursar

Barokk 1600–1750