Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ebba Haslund om å vere annleis

Romanen Det hendte ingenting av Ebba Haslund blei oversett av kritikarane då han kom ut i 1948. Årsaka var nok at boka handla om noko "forbode" på 1940-talet, nemleg lesbisk kjærleik. Hovudpersonen Edle slit med både skamkjensle og sjølvforakt. Kan du trøyste ho ved å fortelje om di eiga tid?
Husmor som serverer frukost til to barn på 1950-talet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1. Diskuter påstandar

Sitt i grupper. Diskuter påstandane under.

  1. Det er ikkje vanskeleg å vere homofil i Noreg i dag. Du blir akseptert overalt.

  2. Det er berre tull at det er det indre som tel. Vi er besette av utsjånad og kropp.

  3. Vakre menneske er lykkelegare enn andre.

Del 2. Å kjenne seg annleis på 40-talet

Portrett av Ebba Haslund. Ho smiler og ser i kamera.

Romanen Det hendte ingenting handlar om den unge kvinna Edle. Ho er lynande intelligent, jobbar som lektor og klarer seg fint åleine. Men ho er svært misfornøgd med livet sitt.

A. Edles tankar om seg sjølv

Les kapittel 3 på s. 16 i denne utgåva av boka på Nb.no:

  1. Kvifor meiner Edle at intelligensen hennar ikkje er eit pluss?

  2. Kva ord bruker Edle om seg sjølv og utsjånaden sin?

  3. Edle fortel om forholdet sitt til fire menneske frå yngre dagar: Bente, Hans Jørgen og Gro. Kva inntrykk får de av forholdet ho hadde til desse?

  4. Edle seier ho har blitt bitter og skulle ønske ho levde annleis. Kva er ho misfornøgd med?

B. Diskuter karakteren Edle

Gå saman i grupper. Diskuter:

  • Er nokon av Edles tankar om utsjånad og intelligens aktuelle i dag? Grunngi.

C. Dei forbodne kjenslene for Gro

Edle har byrja å studere. Her blir ho kjend med Gro.

Start med å lese på s. 49 (kap. 4) og les fram til s. 52 ( fram til "En eller annen måte må en jo gro på") på Nb.no

  • Kva ord bruker Edle om dei kjenslene ho har for Gro? Legg merke til at ho viser ambivalens for sine eigne kjensler: nokre gonger omtaler ho dei i positive ordelag, andre gonger i negative.

  • Kva meiner du kan forklare den ambivalensen Edle har for eigne kjensler?

D. Diskuter skamma i teksten

Gå saman i grupper. Diskuter:

  • Begge dei to utdraga du har lese no, handlar om skam. Kvifor skammar Edle seg? Finn døme frå både utdrag 1 og utdrag 2.

E. Edle reflekterer over livet sitt

Les det siste kapittelet i boka, frå s. 150 på Nb.no.

  • Ebba Haslund blei ein glødande feminist på 70-talet. Kan du finne ein feministiske tankegang i dette utdraget? Kva forskjellar mellom kjønna er det Edle irriterer seg over i utdraget?

  • Kva livsval angrar Edle på? Og kva ville ho gjort annleis i livet sitt?

  • Kva tenkjer Edle om si eiga skamkjensle?

  • Korleis tolkar du den siste setninga?

Del 3. Diskuter teksten

Diskuter i grupper eller i plenum:

  • Kva inntrykk får du av korleis det var å vere kvinne i Noreg på 50-talet? Kan du sjå både likskapar og forskjellar samanlikna med dagens samfunn?

  • Korleis trur de Edle hadde levd livet sitt om ho hadde levd i dag?

  • Kva rolle meiner de skam speler i denne teksten?

Ei rekkje regnbogeflagg under Oslo Pride i 2018. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 4. Skriv eit brev til Edle

Skriv eit brev til Edle med overskrifta: "Til Edle frå Noreg, 20…" (ditt år). Fortel Edle at ho ikkje treng å skamme seg for verken kjenslene sine eller utsjånaden sin.

I brevet ditt skal du også fortelje ho korleis livet hennar hadde vore om ho hadde levd no. Ta med desse problemstillingane inn i brevskrivinga:

  • Kva vil du fortelje Edle om utsjånadsfokuset i vår tid? Har vi blitt mindre opptekne av utsjånad og skjønnheit no enn før?

  • Kva med kjenslene Edle har for kvinner? Kan informasjon om dagens situasjon for homofile vere til trøyst for Edle og få ho til å kjenne mindre skam?

  • Og kva med Edles tankar om forskjellane mellom kjønna – at kvinna først og fremst skal vere mor og kone, mens mannen kan realisere seg sjølv gjennom yrket sitt? Har dette blitt annleis? Fortel Edle om det!

Del 5. Å vere annleis i dag

Diskuter i klassen:

  • Korleis er det å vere homofil i dag?

  • Er vi så liberale i Noreg i dag at både gutar og jenter kan fortelje at dei er homofile utan å få problem?

Sjå filmen Bygdehomo og diskuter korleis han framstiller det å leve som homofil i dag.

Relatert innhald

Korleis framstiller ein animert kortfilm og ei novelle gutar som utfordrar tradisjonelle kjønnsroller?

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 19.01.2022

Læringsressursar

Realistisk litteratur 1945–1980