Kritisk realisme og naturalisme - Norsk (PB) - NDLA

Hopp til innhald

Kritisk realisme og naturalisme

I litteraturhistoria kallar vi perioden 1870–1880 for "kritisk realisme". Årsaka er at ei rekkje forfattarar skreiv realistiske tekstar som kritiserte samfunnet. På 1880-talet utvikla den kritiske realismen seg til det vi kallar "naturalismen".

Ei rekkje kvinner står inne på eit venterom. Kvinna i framgrunnen ser rett mot deg. Dei fleste kvinnene i rommet har på seg hattar og fargerike klede. En politikonstabel står og viser kvinnene inn døra til legekontoret. Ei kvinne i skaut ved sida av politimannen vender blikket ned og ser i golvet. M