Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk den språk- og litteraturhistoriske tidslinja

Få oversikt over norsk språk- og litteraturhistorie, og gå i djupna på enkelttema. Bruk tidslinja, men gjerne også andre kjelder til å løyse oppgåvene. Oppgåvene er òg fine å bruke som repetisjon før eksamen.

Oppgåve 1

Repetisjon: Dramatiser norsk litteraturhistorie.

Kva er dei mest sentrale trekka i norsk litteraturhistorie frå rundt år 1000 og fram til i dag? Samarbeid med medelevar om ei dramatisering på maks 15 minutt som får fram det viktigaste:

  • Kva skjedde i periodane?

  • Kven skreiv, kva skreiv dei, og kvifor?

Ei umogleg oppgåve, tenker du? Komikartrioen Raske Menn tek deg gjennom verdshistoria på fem minutt (YouTube). Dei tre klarer seg med svært få verkemiddel! La deg inspirere av dei, eller tenk ut ein heilt annan måte å løyse oppgåva på. Det er lov å bruke rekvisittar, lyd og bilete (og sjølvsagt også humor), men det faglege innhaldet må vere korrekt.

Oppgåve 2

Reflekter og drøft: Kvifor bør du lese tidslinja kritisk?

  • Kvifor har periodane fått dei namna dei har?

  • Kva med årstala? Startar og sluttar ein tendens verkeleg ved eit hundreårsskifte, eller ved eit tiår?

  • Kva for forfattarar har fått plass her, og kvifor? Er det andre forfattarar som (også) burde ha vore med?

  • Kvifor står det mindre informasjon jo nærare vi kjem vår eiga tid?

Oppgåve 3

Utforsk: Korleis framstiller tekstar frå den realistiske og den modernistiske tradisjonen menneske, natur og samfunn?

Dette er eit sentralt kompetansemål i vg2 og vg3 som krev at du kan drøfte korleis oppfatningar om menneske, natur og samfunn kjem fram i tekstar.

Teikn opp di eiga tidslinje der du set inn stikkord til kvar periode:

  • Kva slags forhold hadde menneska på den tida til naturen?

  • Korleis såg samfunnet ut? Sjå gjerne på temaa religion, politikk, kommunikasjon, industrialisering og sosiale forskjellar.

  • Kva for tekstar frå perioden viser korleis menneska på den tida hadde det? Skriv inn forfattar og tittel, og legg gjerne inn eit sitat frå teksten.

Oppgåve 4

Utforsk: Kva er den historiske bakgrunnen for språksituasjonen i Noreg i dag?

Dette er eit sentralt kompetansemål i vg2 som krev at du kan greie ut om korleis det norske språket har utvikla seg til det vi har i dag. Kva har skjedd med det munnlege og skriftlege språket sidan 700-talet?

Teikn opp di eiga tidslinje der du set inn stikkord til kvar periode:

  • Korleis snakka og skreiv folk? Og kven kunne faktisk skrive på den tida?

  • Kva for endringar skjedde? Kvifor?

  • Skriv inn døme på viktige språkendringar, hendingar og personar som engasjerte seg i språkdebattar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 21.09.2022

Læringsressursar

Kva er tekst i kontekst?