Galleriet
Kvifor Galleriet?
Målet med Galleriet er at du skal utforske kva kunstnarane og forfattarane var opptekne av i ulike periodar. Når du studerer både biletkunst og litteratur frå ein epoke, får du ei god forståing av kva målarane og forfattarane var opptekne av.
Utforsk ein epoke
Til dømes: Lurer du på kva "romantikken" var for noko? Gå inn i rommet som heiter Romantikken og lytt til Griegs musikk medan du ser på biletkunst og les litteratur frå perioden.
Samanlikn epokar
Du kan òg samanlikne ulike periodar i Galleriet. Korleis viser til dømes bileta og tekstane i rommet kalla Ekspresjonismen at realismen sine ideal om å avbilde verkelegheita mest mogleg naturtru blir forlatne? Då går du inn og utforskar dei to romma Realismen og Ekspresjonismen.
Velkommen inn til eit annleis galleri!