Programmeringsspråk - Design og visualisering (IM-MED vg2) - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Programmeringsspråk

Det finst fleire ulike programmeringsspråk. Sjølv om det er mykje som er felles for alle desse programmeringsspråka, vil nokre programmeringsspråk kunne ha litt ulike bruksområde.

Java

Java er eit programmeringsspråk som opphavleg vart utvikla av Sun Microsystems, men har sidan den gong vorte open kjeldekode. Det er vanleg å bruke eksempelvis Eclipse eller NetBeans som utviklarmiljø (IDE). Java er objektorientert og blir ofte brukt innan utvikling av programvare. Det er òg kjent for å bli brukt til å lage mobilappar til operativsystemet Android.

C++

C++ er ei form for ei utviding av programmeringsspråket C og har mellom anna støtte for objektorientert programmering. Dette programmeringsspråket er mellom anna mykje brukt i samband med programvare- og spillutvikling, men er fleksibelt for fleire andre område.

Python

Python er, saman med Java og C, eit av dei mest populære programmeringsspråka i verda. Python blir brukt av fleire kjente nettstader og i programvare og er ofte brukt som scriptsspråk i fleire kjente program.

JavaScript

JavaScript er eit programmeringsspråk som i stor grad blir nytta til webutvikling og kanskje er best kjent for å lage interaktive nettsider. JavaScript blir ofte brukt i ein kombinasjon saman med HTML og CSS. Sjølv om namna iblant blir brukte om kvarandre, er JavaScript og Java to ulike programmeringsspråk. Det vil derfor vere feil å kalle JavaScript for Java eller omvendt.

Objective-C og Swift

Xcode er namnet på Apple utviklarmiljøet sitt (IDE) som kan nyttast til å utvikle appar til til dømes iOS. Dei mest vanlege programmeringsspråka som blir nytta i Xcode er Objective-C og Swift. Med desse programmeringsspråka kan ein til dømes utvikle appar for iPhone. Objective-C vart utvikla i 1984 og er basert på programmeringsspråket C. Det har sidan den tida vore Apples primære programmeringsspråk. Swift vart lansert av Apple i 2014.

Skrive av Jan Frode Lindsø.
Sist fagleg oppdatert 27.02.2020