Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppdag traileren som uttrykksform

Ein trailer er ein kort film som skal fortelje deg noko og gi deg lyst til å sjå meir. I desse oppgåvene skal du utforske trailersjangeren og verkemiddel og til slutt lage din eigen promofilm til sosiale medium.

Ein trailer har eit kort format og blir òg kalla for promofilm. Trailerar blir laga for å selje medieinnhald og bruker bestemte verkemiddel og forteljeteknikkar for å fange merksemda di. I ein trailer skjer det veldig mykje på kort tid. Målet er å gjere deg interessert i historia som blir fortald.

Medviten bruk av verkemiddel

I ein trailer blir det brukt lyd og visuelle verkemiddel for å gjere inntrykk på deg. Typiske verkemiddel i ein trailer er rask klipperytme og eit variert lydbilde. Lys, grafiske element og klipp frå ulike scener blir òg brukte for å fange og halde på merksemda di.

– Å lage trailer er eit eige fag. Det er ikkje alltid dei som står bak medieproduksjonen, som er dei beste til å lage traileren. Dei har for mange favorittscener, seier Thomas Seeberg Torjussen. Han jobbar som manusforfattar og regissør for film, TV og teater.

Del 1: Utforsk trailer-formatet

Del 2: Lag ein kort trailer til sosiale medium

Korte videoar som engasjerer, spreier seg på sosiale medium som Facebook, Instagram, Snapchat og TikTok. No skal du lage ein 20 sekund lang trailer for å «selje» ein film på sosiale medium. Hugs at du har kort tid på å fortelje, så du må gjere gode, presise val når det gjeld bruk av verkemiddel og fortelleteknikk.

Slik gjer du

  1. Last ned filmmaterialet av kvinna som skrik (klippeøving: å byggje spenning), eller lag ein trailer til ein film som du eller nokon i klassen din allereie har laga.
  2. Bruk tid på å planleggje korleis du kan fortelje for å gi andre lyst til å sjå heile filmen. Tenk over kva verkemiddel du vil bruke for å forsterke spenninga. Verkemiddel kan til dømes vere rask klipperytme, skummel musikk, grafiske element og/eller ei engasjert forteljarstemme.
  3. Hugs at traileren skal nå målgrupper i sosiale medium, og at han berre skal vare i cirka 20 sekund.
Fleire tips til korleis du lagar ein trailer

Start med å sjå heile filmen/filmmaterialet. Tenk over kva for nokre kjensler bileta gir deg.

Sjå etter gode bilete og klipp som forsterkar desse kjenslene.

Leit etter musikk og lydeffektar som kan passe til bileta.

Forsøk å strukturere traileren i tre delar: opning, midtdel og slutt.

Les meir om å lage trailer på nettsida Dummies (engelsk språk)

Til slutt: Vis fram trailerane, og reflekter to og to

  • Når du er ferdig, skal du og ein annan vise trailerane for kvarandre. Sjå trailerane til kvarandre, og forsøk å finne verkemidla den andre har brukt.
  • Kva trur de er grunnen til at trailerar blir korta ned til rundt 20 sekund når dei skal visast i sosiale medium?
  • Korleis synest de det korte formatet fungerer? Kva gjekk bra? Kva var utfordrande?
  • Kan de seie noko om kva de har lært, og kva de vil ta med dykk vidare i eigen produksjonspraksis?
CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 14.12.2020

Læringsressursar

Forteljeteknikk og verkemiddel