Hopp til innhald

Fagstoff

Forteljeteknikker og verkemiddel i medieuttrykk

Du legg til ein skingrande lyd for å skremme, og startar filmen med ei dramatisk opning. Når du veit korleis du bruker verkemiddel og forteljeteknikker i ulike medieuttrykk, kan du styre kommunikasjonen dit du vil.

I starten av videoen «Forteljetekniske grep i medieproduksjon» ser vi eit klipp frå NRK Super-serien ZombieLars. Ein gut kastar seg ut av eit vindauge i ei blokk, men skader seg ikkje. Dette er eit forteljeteknisk grep som er gjort for å vekkje ei ung målgruppe som raskt misser interessa. Lyden av ein gut som treffer asfalten, er eitt av verkemidla som blir brukte for å forsterke dramatikken i scena. Opninga, eller anslaget, skal gi sjåarane lyst til å sjå meir.

Når du går i gang med ein medieproduksjon, må du finne ut kva du vil oppnå med produksjonen din. Dette bestemmer kva forteljeteknikk og kva verkemiddel som kan passe.

Du bør tenkje gjennom dette:

  • målgrupper
  • føremålet med bodskapen
  • kanal/plattform
  • sjangerkonvensjonar
  • medietypar du bruker (tekst, lyd, bilete, video, grafisk, interaktivitet)

Kva er forteljeteknikk?

Forteljeteknikk handlar om måten du fortel på. Omgrepet kan forklarast som framgangsmåten du bruker når du har noko du vil formidle. I mediefaget handlar det om korleis du byggjer opp innhaldet ditt, og kven du lèt fortelje. Ei nyheitssending startar gjerne med den viktigaste saka først. Ein spelefilm kan byrje med eit tilbakeblikk.

Her er fleire forteljetekniske grep som blir brukte av media:

  • starte midt i ei handling (in medias res)
  • byrje med slutten
  • starte med eit anslag
  • avslutte med ein cliffhanger
  • bruke ulike forteljarar
  • kronologisk handling (frå a til å)
  • multilineære handlingar

Kva er verkemiddel?

Medieprodusentar nyttar seg av verkemiddel for å fange og halde på interessa til mottakarane. I mediefaget bruker vi visuelle og audiovisuelle verkemiddel for å oppnå ulike effektar.

Bilete av skuggen av ein innbrotstjuv som nærmar seg ei dør. Foto.

Visuelle verkemiddel er det vi kan sjå med auget. Audiovisuelle verkemiddel betyr at du bruker både øyre og auge for å få bodskapen.

Verkemiddel som blir brukte i ulike medieuttrykk, finst mellom anna i

  • språkbruken (ordval, overdrivingar, symbol)
  • grafiske element (former, fontar, storleik, kontrastar)
  • fargar og lyssetjing (mørk, lys)
  • scenografien (uttrykket, iscenesetjinga)
  • kamerabruken (utsnitt, perspektiv)
  • klipperytmen (rask, langsam)
  • lydbiletet (musikk, lydeffektar, miljølyd)

Leik med forteljeteknikk og verkemiddel

Vi bruker gjerne forteljeteknikkar og verkemiddel som er typiske for det medieuttrykket vi skal produsere, og som høyrer til sjangeren vi produserer i.

  • I ein skriven nyheitsartikkel bruker vi eit nøytralt og objektivt språk og startar med det viktigaste først.

  • Reklamefilmskaparen legg på lys- og lydeffektar for å påverke med bodskapen sin.

Dess betre du kjenner utstyr og programvare, dess betre meistrar du kommunikasjonen i dei medieuttrykka du lagar.

Nokre gonger kan det vere spennande å bryte med kjend praksis. Når du har fått meir trening i å lage medieuttrykk, kan du utforske og teste nye metodar i bruken av forteljeteknikkar og verkemiddel.

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 24.11.2020

Læringsressursar

Forteljeteknikk og verkemiddel