Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver i dramaturgi

Dramaturgi er kort forklart læra om korleis ei historie kan forteljast på best mogleg måte. Kunnskap om dramaturgi kan hjelpe deg å lage eit godt medieprodukt. Du skal no velje ei av oppgåvene nedanfor for å planleggje dramaturgien i ein medieproduksjon du ser for deg at du skal lage.
Ungdom i lydstudio.

Oppgåve 1

Planlegg dramaturgien i eit radioinnslag med utgangspunkt i APUS-modellen. Høyr gjerne på dette dømet for å få inspirasjon:

Nyheitsinnslag på NRK P3

0:00
-0:00

Oppgåve 2

Ein reklamefilm har gjerne ei overordna målsetting om å få kundar til å kjøpe eit produkt. Dette kan vere vanskeleg dersom forbrukarane ikkje opplever produktet som spennande, eller om kundane ikke kjenner til produktet på førehand.

Planlegg kva dramaturgiske verkemiddel og modellar du vil bruke for å lage ein reklamefilm for joggeskor. Sjå gjerne filmen under for å få tips om korleis reklamebyrå bruker dramaturgi i produksjonane sine.


Oppgåve 3

Iram Haqs kortfilm Skylappjenta (2009) handlar om utfordringar som fleire innvandrarbarn kan oppleve i Noreg. Korleis møte forventningar frå familien om å halde på kulturen sin, i møte med verdiane i det norske samfunnet?

Sjå kortfilmen Skylappjenta og beskriv korleis nokre av dei same dramaturgiske prinsippa du finn i filmen, kan brukast i ein informasjonsfilm.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson Jensen.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Forteljeteknikk og verkemiddel