Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Digital detox

Mange kjenner at sosiale medium invaderer livet deira. Korleis kan vi beskytte oss mot den enorme mengda informasjon som blir pusha på oss gjennom ulike kanalar?
Hytte i vinterskog. Bilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: Kartlegg omgrepet

  • Kva er 'digital detox'? Søk på nettet for å finne ulike definisjonar av dette omgrepet på norsk og engelsk.
  • Kartlegg forskjellane på korleis uttrykket blir brukt i faglitteratur og i journalistiske artiklar.
  • Definer til slutt omgrepet med eigne ord.

Oppgåve 2: Foreslå strategiar for digital detox

  • Kvifor har dette omgrepet oppstått? Diskuter dette i klassen.
  • Jobb i grupper med å utarbeide tips og triks for digital detox for ungdomsskuleelevar.

Oppgåve 3: Test app-en Hold

  • Last ned app-en Hold.
  • Gå systematisk gjennom funksjonane.
  • Vurder om han er interessant å ta i bruk.
  • Finn argument for og i mot.

Oppgåve 4: Skriv ein kort tekst om digital detox

  • Diskuter utfordringar med invaderande medieteknologi og moglege løysingar på problemet.
  • Bruk kjelder og referer til desse når du skriv.
  • Bruk gjerne femavsnittsmetoden for å strukturere teksten.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 29.10.2019

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad