Influensarar som reklameprofilar - Konseptutvikling og kommunikasjon (IM-MED vg2) - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Influensarar som reklameprofilar

Blir du påverka av influensarar? Visste du at mange influensarar blandar privatliv med reklame for å selje deg produkt? I denne oppgåva skal du sjå nærmare på dette.

1) Sjå dokumentaren frå NRK-serien Innafor (varigheit: 58 minutt )

2) Diskuter desse spørsmåla i grupper

  • På kva måte kan influensarar påverke haldningar og handlingsmønster i samfunnet?
  • Kva makt har management og byrå som jobbar med influensarane?
  • Kva relasjon har influensarane i denne serien til følgjarane sine?
  • Kva gruppe blir mest påverka av sponsa innhald på sosiale medium, trur de?

3) Studer og reflekter rundt korleis Emma Ellingsen jobbar på fotoshoot for motemerket NA-KD

Du kan gå tilbake og sjå klippet frå fotoshooten i dokumentaren på tidskoden 27.30–28.25. Svar deretter på desse spørsmåla:

  • Kva speler Emma på når ho skal selje inn merkevara?
  • På kva måte blir du påverka av bodskapen til Emma?
  • Emma får hjelp til å formulere bodskapen når ho skal selje inn merkevara. Kva tenkjer du om det?
  • Stoler du på det Emma seier om merkevara? Kvifor / kvifor ikkje?
  • Kven er målgruppa til Emma?
  • Kvifor trur du mange blir påverka av denne typen marknadsføring?
Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 27.10.2020