Analyse og tolking av statistiske data - Konseptutvikling og kommunikasjon (IM-MED vg2) - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Analyse og tolking av statistiske data

Statistikk handlar om innsamling, analyse og tolking av data som er talfesta. Når du jobbar i mediebransjen, er det viktig å kunne forstå og vidareformidle statistiske data til andre. Statistikk gir oss også kunnskap om mediefaglege emne, for eksempel mediebruk.

Data, populasjon og utval

Data er informasjon som vi hentar inn om eit fenomen som vi ønskjer å finne ut noko om. Fleire kommersielle aktørar, som for eksempel TNS Gallup, skaffar til vegar slike statistiske data på bestilling. Dei kan for eksempel talfeste kor mange mobiltelefonar som blir selde i Noreg kvart år, eller kor mange som ser på eit TV-program på ein bestemt vekedag.

Av og til består den gruppa, eller populasjonen, vi undersøkjer, av heile befolkninga i Noreg. Vi veit for eksempel kor mange i Noreg som betaler TV-lisens. Men dersom vi skal finne ut kor mange unge i Noreg mellom 16 og 24 år som har mobil, kan vi ikkje spørje alle. Vi må gjennomføre ei spørjeundersøking blant eit utval av informantar i denne aldersgruppa. Spør vi tusen ungdommar som kjem frå ulike stader i Noreg, som tilhøyrer ulike sosiale grupper, og der utvalet består av like mange gutar som jenter, har vi eit representativt utval. Dersom 980 av desse ungdommane har mobiltelefon, kan vi rekne det som sannsynleg at 98 % av alle norske ungdommar i denne aldersgruppa har mobil.

Å samanlikne ulike grupper

Dersom vi ønskjer å finne ut om unge i aldersgruppa 16 til 20 år skil seg ut frå eldre i aldersgruppa 67 til 79 år, må vi i tillegg spørje eit representativt utval blant eldre, og deretter samanlikne dei tala vi har samla inn.

Hugs at dei tala vi samanliknar, må vere samanliknbare. Talet på personar som har mobil (totalt 980) i det utvalet vi undersøkte, er eit eksempel på det vi kallar absolutte tal. Men når vi seier noko om kor stor del av befolkninga i denne aldersgruppa som har mobil, oppgir vi det i prosenttal (98 %). Når vi skal samanlikne data frå to ulike grupper, må vi passe på å bruke same type tal, i dette tilfellet prosenttal.

Analyse og tolking av statistiske data

Statistiske tal blir gjerne presenterte i form av tabellar eller diagram. Tabellar og diagram gjer det enklare å få oversikt når vi skal analysere og tolke talmateriale, og det er også eit viktig hjelpemiddel når du skal presentere statistisk informasjon for andre. I matematikkfaget lærer du meir om korleis du kan lese og forstå tabellar og grafiske framstillingar, og korleis du sjølv kan formidle slik informasjon til andre.

Når vi tolkar statistisk materiale, gjer vi det med utgangspunkt i kunnskap vi allereie har om det fenomenet vi studerer. Vi leitar då gjerne etter årsakssamanhengar, forklaringar eller støtte for hypotesar vi har laga om korleis ting heng saman. Det er fristande å trekkje raske konklusjonar som stemmer overeins med det du har førestilt deg i forkant. Tenk derfor nøye gjennom om dei statistiske dataa kan tolkast på fleire måtar.

Statistisk sentralbyrå (SSB) har ansvar for innsamling, tilarbeiding og formidling av offisiell statistikk i Noreg. Det har dei hatt sidan 1876. På SSB sine nettsider finn du mykje spennande statistisk materiale om medium og mediebruk, og verktøy som gjer det mogleg å få ut dei tabellane du ønskjer å studere.

Relatert innhald

Fagstoff
Diagramtypar og data

Ei oversikt over dei vanlegaste diagramtypane, korleis dei bør bli brukte og forståtte.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017