Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Utforsk den fotografiske stilen din

Test ulike fototeknikkar og finn din eigen fotografiske stil. Utforskinga skal resultere i ein fotoserie som kan stillast ut.
To menn hengjer opp store fotografi til ei fotoutstilling. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Jobb med fotoutforsking

No skal du utforske ulike teknikkar, sjangrar og verktøy og skape ulike biletuttrykk. Dette hjelper deg å utvide fotokunnskapane dine og er ei god øving før du skal planleggje og produsere ein biletserie til ei utstilling.

Før du startar fotograferinga, må du gjere research og finne bilete og teknikkar du kan lære av. Skriv notat og legg ved bilete og lenkjer i utforskingsdokumentet (sjå mal nedanfor).

Krav til fotoutforsking:

  • Gjer research på kvar oppgåve/teknikk før du startar å fotografere.

  • Bruk spegelreflekskamera og manuelle innstillingar.

  • Ta bilete i RAW-format.

  • Bruk minst to ulike objektiv, der eitt skal vere eit fastobjektiv.

  • Ta minst tre bilete av kvar utforskingsoppgåve.

  • Legg inn bileta dine og skriv kommentarar i utforskingsdokumentet.

Gjer minst fem av desse utforskingsoppgåvene:

  • Ta bilete i studio med kunstig lys.

  • Utforsk former og strukturar i arkitektur i nærområdet.

  • Ta bilete ute i mørket og jobb med lyset (lyset frå stjernehimmelen, nordlys, kunstig lys eller lysmåling).

  • Ta portrettbilete av ein person.

  • Ta naturfoto.

  • Ta kunstfoto.

  • Ta svart-kvitt-foto.

  • Utforsk teknikkane og verkemidla til ein kjend fotograf.

Trykk på bileta under for å få starthjelp med fotoutforsking

Skriveramme for fotoutforsking

Når du utforskar teknikkar og sjangrar, er det viktig at du gjer både research og prøver deg fram sjølv med kamera. I dette utforskingsdokumentet skal du dokumentere og beskrive denne utforskande fasen.

Bruk denne malen:

Filer

Del 2: Lag fotoserie til utstilling

Oppdragsgivar kan vere biblioteket, det lokale kulturhuset ditt, rådhuset eller skulen din.

Oppdrag fotoserie

Lag ein serie av fem ulike foto som skal inngå i ei fotoutstilling. Serien skal ha ein heilskap. Kvart bilete skal vere i A3-format og ha ein tittel. Du skal òg lage ein liten plakat i A4-format der du presenterer deg sjølv, som heng ved utstillinga.

Det er fri sjanger og fritt tema.

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 29.03.2022

Læringsressursar

Arbeidsoppdrag medieproduksjon