Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Finn ein oppdragsgivar

I nærområdet ditt finst det mange som kan ha behov for medieproduksjonar som fotografering, utarbeiding av grafiske produkt, ny webside, hjelp med marknadsføring eller noko anna. No skal du finne potensielle oppdragsgivarar og tilby ekspertisen din.
Kvinne jobbar på ein laptop. Ved sida av laptopen ligg eit spegelreflekskamera og eit stort objektiv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. Kva du kan tilby

Du har ein del mediekunnskapar og kanskje nokre felt der du er ekstra god. No skal du lage eit tankekart og skrive ned moglege medieproduksjonar du kan tilby. Bestem deg for to til tre medieprodukt som du kan tenkje deg å produsere profesjonelt.

Lag materiell som kan delast, der du fortel litt om deg sjølv og viser kva du kan tilby. Lag flyer eller ei enkel nettside.

Du skal bruke kompetansen din, men også utvikle han og jobbe utforskande. Utforskande betyr at du skal undersøkje teknikkar, setje deg inn i behova til ulike oppdragsgivarar og skape eit nytt uttrykk ved å teste ut ulike teknikkar og avansere frå det du allereie kan.

Forslag til medieproduksjonar du kan tilby
  • lage eller friske opp nettside

  • lage/redesigne logo

  • lage reklamespot for lyd eller video

  • lage profil og innhald på ulike sosiale medium

  • setje opp og lage innhald til nettkanal

  • ta portrett av dei tilsette og bilete som dokumenterer arbeidskvardagen

  • bidra med filming/redigering

  • andre ting du er god på eller som oppdragsgivar ønskjer

2. Finn potensiell oppdragsgivar

Du har kanskje allereie fått enkelte oppdrag av vener og kjende, som å ta bilete, lage plakatar eller filme. No er det du som skal ta kontakt med nokon, og tilby hjelp med medieproduksjon.

Her er det lurt å bruke nettverket ditt. Snakk med familie, vener, lærarar, naboar og andre kjende. Er det nokon som treng hjelp med medieproduksjon, eller som veit om nokon som gjer det? Er det lag eller organisasjonar i nærområdet? Eit band i oppstartsfasen eller ein lokal butikk som vil nå fleire kundar? Kanskje nokon treng hjelp med ei nettside eller ein podkast, eller med fotografering, grafisk design eller marknadsføring i sosiale medium?

Slik kan du finne oppdragsgivarar
  • Sei til alle du kjenner at du leitar etter oppdragsgivarar, kanskje dei veit om nokon.

  • Bruk sosiale medium til å finne nokon.

  • Ta kontakt med lokale lag og foreiningar og spør om dei treng hjelp med noko av det du kan tilby (idrettsforeining, Raudekrossen, speidaren, korps eller anna).

  • Band, kor, revygruppe og musikarar i nærområdet kan ønskje hjelp med foto, filming eller marknadsføring.

  • Undersøk korleis bedriftene i nærområdet ditt bruker sosiale medium. Finn du nokre svakheiter, som at bilete har dårleg oppløysing, viktig informasjon manglar eller det sjeldan blir lagt ut nye innlegg? Då kan du vere den dei treng for å bli meir synleg på nett.

3. Kundesamtale og avtale

Når du har funne ein potensiell oppdragsgivar, bør de ha ein samtale om kva dei ønskjer og lage ein avtale før du går i gang med produksjonen.

Avtalen bør vere skriftleg og innehalde følgjande punkt:

Før produksjon bør du avtale følgjande med oppdragsgivar:

  • kva oppdraget er

  • fristar

  • kva skal leverast, når skal det leverast, og korleis skal det leverast

  • om det skal det vere betaling, og korleis betalinga skal gjerast (honorar, timelønn eller gjennom ungdomsbedrift?)

  • korleis de skal kommunisere

  • kreditering


4. Produksjon og kontakt med oppdragsgivar

Minst to gonger i prosessen skal du sende over materiale til gjennomsyn, slik at oppdragsgivar kan gi innspel, og du kan gjere nødvendige endringar og justeringar.

Kommuniser på den måten de avtalte i kundeavtalen. Skulle det bli uklarleikar mellom dykk eller om noko blir vanskeleg, involver gjerne lærar/rettleiar.

Vis fram produkta dine til medelev og lærar/rettleiar før du sender dei over, og sjekk at kvaliteten er så god som mogleg. Hugs å bruke eit format som er klar til publisering. Send over på den måten som vart avtalt i kundesamtalen.

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 08.10.2021

Læringsressursar

Arbeidsoppdrag medieproduksjon