Hopp til innhald

Fagstoff

Utforsk ved hjelp av VR-briller

Bruk av virtuelle briller er ein spennande måte å setje seg inn i ei ny oppgåve. For å få innleving og forståing for eit tema eller ulike behov og utfordringar til målgruppa, kan du hente inspirasjon og informasjon frå ei virtuell verkelegheit.
Ein mann med VR-briller ser ein person kome fram frå pikslar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Virtuelle opplevingar

Virtuelle briller gir deg moglegheit til å oppleve noko som til vanleg ikkje er tilgjengeleg for deg. Du kan stå på togstasjonen Grand Central Station i New York, der du opplever overveldande sanseinntrykk av lys og lyd, stress og ubehag. Du kan vere i rullestol på Oxford Street i London og oppleve korleis det er å røre deg rundt i gata. Du kan sjå verda på lik linje som ein svaksynt.

Du kan hente inspirasjon til ei oppgåve frå stilhistorie, frå kunst, arkitektur og design eller frå naturen. Du kan ta på virtuelle hovudtelefonar og besøkje kunstmuseet Louvre i Paris eller ta ein tur inn i eitt av måleria til Salvador Dali. Du kan vitje den antikke borga Akropolis i Athen slik ho var i Hellas i antikken for om lag år 1000 f.Kr. Du kan vandre inn i Amazonasregnskogen og la deg inspirere av planter, dyr og lydar, eller du kan dukke ned på djupet i havet og sjå på fargane og formene til korallar.

Times Square med mange menneske og neonlys. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Virtuell verkelegheit omfattar alle opplevingar som tek deg med inn i ei virtuell verd.

Desse opplevingane kan skapast ved hjelp av verkeleg videoinnhald, datagenerert innhald eller ein hybrid av begge. Ved å prøve virtuelle hovudtelefonar eller virtuelle briller kan du få tilgang til opplevingar du vanlegvis ikkje har moglegheit til.

Uttrykksfull jente med VR-briller på hovudet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Test ut

  1. Søk etter VR og 360° filmar på YouTube. Søk på eit bestemt tema du skal jobbe med i ei skuleoppgåve, ei målgruppe eller noko du treng informasjon om. Kva erfarer du som du kan bruke vidare i oppgåva di?
Tredimensjonale bilete i taktile materiale på ein vegg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Døme på bruk av VR-briller for å få forståing for målgruppa

Ei elevgruppe fekk i oppdrag å lage ei taktil utsmykking på ein vegg i eit avlastingssenter for barn og unge med psykisk eller fysisk funksjonsnedsetjing. Målgruppa er barna som bur der.

I ei slik oppgåve var det viktig å hente inn informasjon om materiale, fargar og stil i bygget og omgivnadene rundt. Like viktig var det å finne ut mest mogleg om målgruppa. Her bur barn med ulike gradar av synshemjingar, nokon sit i rullestol, og nokon er ekstra vare for lys, lyd og kontrastar. For å få innleving og forståing for dei ulike behova og utfordringane til målgruppa brukte elevane virtuelle briller.

På grunnlag av kunnskapen om målgruppa kom elevane fram til nokre punkt som var viktige for målgruppa:

  • Utsmykkinga på veggen må monterast slik at ho er tilgjengeleg for barn i rullestol. Augehøgda er derfor lågare enn vanleg.
  • Barn med lite utvikla finmotorikk må ha store flater i utsmykkinga, slik at dei kan bruke heile handflata.
  • Svaksynte barn har behov for store fargekontrastar, slik at det er enklare å oppfatte det visuelle uttrykket i tillegg til det taktile.
  • Det må ikkje vere for skarpe kantar og overflater i utsmykkinga, då blinde eller svaksynte ikkje kan tilpasse tilnærminga til utsmykkinga ut frå det visuelle.
  • Gode overflater og naturmateriale skaper harmoni og ro for høgsensitive barn.
Bilete med bruk av ulike materiale på ein vegg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 08.08.2019

Læringsressursar

Introduksjon til idéarbeid