Film: Apputvikling - Konseptutvikling og kommunikasjon (IM-MED vg2) - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Film: Apputvikling

I den korte filmen Apputvikling møter vi prosjektleiar, designar og utviklar. Dei samarbeider om å lage ein ny app som hentar eigenskapar både frå Pokémon GO og Wikipedia.

Diskuter før filmen

  1. Kva er apputvikling?

  2. Kva er viktig i utvikling av ein app?

  3. Kor lang tid kan det ta å utvikle ein app?

  4. Når er utviklingsarbeidet ferdig?

Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Oppgåver etter filmen

  1. I filmen ser vi det er eit team på tre som samarbeider om utvikling av appen: ein prosjektleiar, ein utviklar og ein designar. Kva inneber dei ulike rollene, og kva er dei opptekne av?

  2. Kven i teamet er mest oppteken av ?

  3. Kva inneber universell utforming?

  4. Kvifor er det viktig at designar og utviklar samarbeider undervegs i utviklinga?

  5. Når appen først er godkjend av Google Play og App Store, kvifor vil teamet sleppe appen berre for ei lita gruppe først?

  6. Kor lenge må utviklar jobbe med utbetring av feil og vidareutvikle appen?

  7. Kva har du sjølv lært om apputvikling etter å ha sett filmen?

Fagomgrep

Nettdesign

Skrive av Stina Åshilsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 02.03.2022