Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kartlegging og analyse av appar

Nokre appar er universelle, og "alle" har dei. Andre er meir spissa, og du forventar kanskje ikkje at desse appane er for alle. Kartlegg og analyser appar på din eigen smarttelefon.
Foto av hand som held i ein smarttelefon med appar på skjermen.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. Kartlegging av appar

  1. Gå inn på mobilen din og finn ut kva tre appar du brukte mest førre veke. Finn i tillegg to "unike" appar som du ikkje trur nokon andre i klassen bruker. Skriv ned namnet på desse.

  2. Finn ein medelev og samanlikn listene. Har de noko til felles? Bruker de dei same appane? Har de høyrt om desse to "unike" appane som kvar av dykk bruker? Bruk gjerne litt tid på å forklare kva desse appane gjer, og forklar kvifor de har desse appane.

  3. Lag ei felles liste med appane de bruker mest, og vel den eine som de trur er mest unik. Samanlikn gjerne lista dykkar med fleire i klassen. Har nokon andre den same unike appen?

2. Analyser den unike appen

  1. Kva er formålet med appen? Løyser han eit problem, er han reint informativ, eller tener han ein annan funksjon?

  2. Kven trur du er målgruppa for appen? Definer målgruppa så godt som mogleg.

  3. Navigasjon: Kva møter brukarane i appen? Korleis navigerer ein seg gjennom innhaldet? Har appen fleire menyar? Har han fleire "sider"? Beskriv så godt som mogleg. Sjå gjerne etter svakheiter òg.

  4. Visuell kommunikasjon: Kva ikon og grafiske element blir brukte i appen? Klarer du å definere fargepaletten til appen? Kor mange skrifttypar finn du? Korleis er lesbarheita?

  5. Funksjonalitet: Kva tenester eller funksjonar finn du i appen? Bruker han GPS-posisjoneringa? Bruker han kameraet? Bruker han rørslesensorar? Har appen andre funksjonar?

3. Presentasjon

Presenter konklusjonane dykkar i klassen. Bruk gjerne skjermdumpar av appen til å vise kva de meiner.

CC BY-SASkrive av Bruno José Teixeira Coelho.
Sist fagleg oppdatert 02.03.2022

Læringsressursar

Apputvikling og prototyping