Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ranger brukaroppgåvene

Kva er du og andre interesserte i å finne ut av når de går inn på nettstaden til ein restaurant? Bestem kva som er dei sentrale brukaroppgåvene på nettstaden, og ranger desse.

Spørsmål om brukaroppgåver på ein restaurantnettstad

  1. Kva brukaroppgåver er viktige, synest du? Samanlikn svaret ditt med svaret til ein medelev.

  2. Kva konsekvensar bør prioriteringa av brukaroppgåver ha for kva som ligg på framsida på nettsida til restauranten?

  3. Kva slags innhald er nyttig å ha på nettsida, men kan plasserast mindre synleg?

  4. Kva slags innhald er unødvendig på ein restaurantnettstad?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 27.11.2021

Læringsressursar

Planlegging og vedlikehald av nettinnhald