Hopp til innhald

Fagstoff

Lag eit portrettintervju: intervjufasen

Korleis skal du gjennomføre eit portrettintervju? Her får du nokre tips og råd til intervjufasen.
Ein ung gut ser rett inn i kameraet. Han står ved eit vindauge slik at vi ser refleksjonen av han til venstre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Denne læringsressursen gir deg råd og tips til korleis du kan løyse denne oppgåva:

Tips og råd til intervjufasen:

  1. Still eitt spørsmål om gongen. La intervjuobjektet få god tid til å tenkje seg om.
  2. Lytt og ver merksam på det intervjuobjektet seier, og still oppfølgingsspørsmål.
  3. Hugs: Dei beste intervjua er dei som går i djupna på nokre få spørsmål, ikkje dei som prøver å få med litt om alt.

  4. Ver vennleg og skap tillit! Det å bli intervjua kan vere litt skummelt for nokre. Som intervjuar er det viktig å skape ei trygg ramme rundt situasjonen.
  5. Portrettintervjuet tilhøyrer feature-sjangeren. Du må derfor bruke sansane dine og få med personlege element som observasjonar og skildringar i teksten.
  6. Noter ned moment som kan hjelpe deg med å gjere teksten du skal skrive, til eit portrett.

  7. Det aller viktigaste er sjølvsagt at du får med deg det personen seier. Det kan vere lurt å bruke opptaksfunksjonen på mobiltelefonen din. Då kan du ha penn og papir i tillegg for å notere ned observasjonar og skildringar.

  8. Hugs: Nøyaktigheit og korrekt informasjon er like viktig i eit portrettintervju som i ein nyheitsartikkel.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland, Stina Åshildsdatter Grolid og Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 23.03.2021

Læringsressursar

Skriving i mediefag