Åtte tips til opptak med grønvegg - Teknologi og produksjon (IM-MED vg2) - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Åtte tips til opptak med grønvegg

Her får du ei liste med gode råd du kan bruke når du skal gjere opptak med grønvegg.
  1. Lag grønveggen så stram og slett som mogleg!
    Skuggar skaper kjapt store problem seinare i produksjonen. Bruk gaffatape, klyper og strikk, eller mål ein grøn vegg i studio.
  2. Fargetemperatur.
    Lys har farge (varmt til blått). Har du ledlampar, set gjerne fargetemperaturen til 5600k (dagslys). Har du andre lampar, må du ta utgangspunkt i fargetemperaturen deira.
  3. Sørg for at lyset blir jamt på flata.
  4. Avgrens grønveggen.
    Det kan vere lurt å gjere han berre litt større enn det du treng. Bruk til dømes sort stoff (molton) til avgrensinga.
  5. Hald god avstand mellom grønt og person/objekt.
    Dette gjer du for at det grøne ikkje skal smitte grønt på person/objekt. Ver forsiktig med blanke gjenstandar. Dette gjer også at du kan setje lys på objekt heilt uavhengig av grønveggen.
  6. Set kvitbalansen i kamera på 5600k.
  7. Bruk så låg ISO som mogleg.
    Høg ISO gir støy i biletet, noko som øydelegg for keying og nøkling.
  8. Gjer testopptak.

Bruker du tipsa over ved opptak med grønvegg, slepp du negative overraskingar og unødig tidsbruk i etterarbeidsfasen.

Skrive av Atle Kold Hansen.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2019