Hopp til innhald

Fagstoff

Tutorial: postproduksjon ved grønveggsopptak

Sjå korleis bakgrunn og skodespelar blir sette saman i eit postproduksjonsprogram.

Dei fleste programvarene som blir brukte på grønveggopptak er filter, anten i eit redigeringsprogram eller i eit composite-program.

Har du ein god og jamn grønfarge på opptaka dine, vil det med god programvare vere lett å fjerne det grøne.

Du legg på eit keyfilter, bruker fargepipetten og vel det jamnaste fargeområdet nær objektet, så er jobben gjort!

Viss dette ikkje fungerer, kan dette derimot bli ein stor jobb. Som oftast kjem problema av at opptaka ikkje er gode nok.

CC BY-SASkrive av Atle Kold Hansen.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2019

Læringsressursar

Fleirkameraproduksjon og strøyming