Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk grønveggproduksjonar

Reflekter over kva for moglegheiter og utfordringar som ligg i å bruke grønvegg i produksjonar.

I grønveggproduksjonar gjer du videoopptak av skodespelarar eller objekt framfor ein belyst grøn vegg, duk eller anna grøn flate. Det grøne på opptaket blir fjerna i ei programvare på ei datamaskin. Så blir filmopptaket sett inn i scenografien.

1. Tenk over

Korleis tenkjer du det er for skodespelarane

  • å spele utan å sjå kvar dei er?
  • å spele mot ein virtuell karakter ?

2. Diskuter i grupper

  • På kva for måte er det annleis å vere skodespelar med grønskjerm enn å spele i vanleg film?
  • Kva for fordelar er det med produksjon av grønskjerm?
  • Kva for ulemper finst?

3. Sjå klipp fra filmen The Matrix

Sjå denne skytescena frå filmen The Matrix (YouTube).

Sjå også opningsscena frå The Matrix (YouTube).

  • Korleis er kvar av scenane bygd opp?

  • Kor mange klipp består scenane av?

  • Kva for biletutsnitt blir brukt?

  • Verkar det truverdig? Det er lov å svare både ja og nei. Skriv ned argument.

    Ja, fordi:
    Nei, fordi:

Månen har fått noe i øyet som ser ut som en colaboks. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

4. Diskuter i klassen

Méliès sine filmar frå byrjinga av 1900-talet kan verke banale når vi ser på dei i dag. Matrix-effektane er blitt vanlege.

  • Kor går utviklinga?
  • Kva skjer til dømes i spelverda med tanke på utvida verkelegheit (augmented reality), VR-briller og blandinga av 3D og verkelegheit?
  • Kvifor bruker vi effektar, og kva for fordelar og ulemper har vi ved produksjon av visuelle effektar?
CC BY-SASkrive av Atle Kold Hansen.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2021

Læringsressursar

Fleirkameraproduksjon og strøyming