Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ein 3-kameraproduksjon

Gå saman i grupper på åtte. De skal lage ein 3-kameraproduksjon. Oppdraget går ut på å filme eit intervju med temaet «medievanane til ungdom». Det skal vere to intervjuobjekt med i produksjonen.
Oppsett av en scenografi for en tv-sending i studio. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fordel roller

1 produsent

Arbeidsoppgåver: gir instruksar til alle som er involverte i produksjonen, og passar på at alle gjer jobben sin. Ho gir blant anna beskjed om kva for kamera som skal på lufta, kva for utsnitt som skal brukast, og klipperytme.

1 programleiar/intervjuar

Arbeidsoppgåver: gjer research på temaet, gjer avtale med intervjuobjekt, førebur og gjennomfører intervjuet. Kan gjerne introdusere temaet og presentere intervjuobjekta i starten.

1 biletmiksar

Arbeidsoppgåver: klipper mellom dei ulike kameraa i fleirkameraproduksjonen.

1 lydansvarleg

Arbeidsoppgåver: riggar opp og testar dei ulike mikrofonane som skal brukast i produksjonen, og styrer lydkontroll-maskinen under opptak.

1 lysansvarleg

Arbeidsoppgåver: ansvarleg for å rigge opp lys. Om intervjuet skal gjerast ute eller inne i eit studio, får konsekvensar for lyssetjinga.

3 fotografar

Arbeidsoppgåver: styrer kamera og får beskjed frå produsenten om eksponering og ulike biletutsnitt. Kan styre kamera på stativ eller halde kamera sjølv. Ein av fotografane har ansvar for å filme programleiar/intervjuar i 1-skott, ein annan fotograf har ansvar for å filme intervjuobjekta i 2-skott, og ein fotograf har ansvaret for å filme totalbilete (3-skott).

Enkel gjennomføring av 3-kameraproduksjon

Dersom de ikkje har tilgang til biletmiksar og lydkontroll-maskin:

  • Rigg opp tre kamera.
  • Start opptaka på dei tre kameraa samtidig, bruk gjerne ein «klappar» ved starten av opptaket, då er det lettare å synkronisere lyd og bilete.
  • Når gruppa er ferdig med filminga, blir dei tre opptaka klipte saman i eit redigeringsprogram.
CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 18.09.2017

Læringsressursar

Fleirkameraproduksjon og strøyming