Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Musikkvideo: produksjon og etterarbeid

Her er nokre tips til opptak og redigering av musikkvideoen. Jo betre førebudde de er, jo lettare går denne fasen av arbeidet.
Ei gruppe unge menneske står i gata med bygningar i bakgrunnen og jublar med armane i vêret. Ei dame filmar dei med ein smarttelefon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før opptak

Før de skal spele inn, er det viktig at de har oversikt over planar og utstyr.

  • Start med å sjekke utstyret, og dobbeltsjekk at de har pakka det de treng, og mange nok batteri.

  • Sjekk at og er klare.

  • Om de ikkje har fordelt roller i produksjonen, så gjer det no. Kven skal filme? Kven har regi?

  • Sjå gjennom storyboard og planar ein siste gong. Hugs at det er lov å improvisere litt under opptak, men ikkje gløym å følgje hovudplanen.

  • Vurder om de treng å lage ei , som er ei oversikt over alle kameravinklar og utsnitt de har tenkt å bruke.

    Her kan de laste ned og skrive ut ein mal for skotlister.

Filer

Under opptak

  • Alle i gruppa er til stades under opptak. Ver nøyaktige med iscenesetjinta og biletkomposisjonar, og hald roa!

  • Pass på at de bruker ulike utsnitt, varierer perspektiv og har godt lys. I musikkvideosjangeren er det lov å eksperimentere med filmspråket!

  • Ta vare på utstyret og rekvisittane, og hugs å rydde opp når de er ferdige.

Redigering og etterarbeid

Når opptaka er gjorde, skal de klippe saman materialet. Alle i gruppa skal redigere kvar sin versjon av musikkvideoen i eit eigna redigeringsprogram.

  • Legg lyden på eitt lydspor og bileta på eitt eller fleire videospor.

  • Vurder klipperytmen. Skal bileta klippast til rytmen i songen eller ikkje?

  • Jobb med overgangar og visuelle effektar. Ein musikkvideo har gjerne mange filmatiske effektar. Leik og eksperiment!

  • Bruk gjerne fargekorrigering for å reparere dårlege bilete, for å skape stilen du er ute etter, eller for å få videoen til å sjå meir profesjonell ut.

Eksport og publisering

Når du har redigert ferdig, må musikkvideoen eksporterast som ei filmfil. Du kan eksportere filmen i fleire filformat, men vi foreslår at du bruker formatet H.264. Då får du god kvalitet på lyd og bilete samtidig som du får komprimert videoen din til ei MP4-fil.

Publiser musikkvideoen din på ein eigna kanal, og del han med andre. Om du vil publisere musikkvideoen din på YouTube, må du hugse å leggje til tittel og skildringar.

Relatert innhald


CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 21.04.2021

Læringsressursar

Produser video – korte format