Hopp til innhald

Fagstoff

Bruk målingar og brukarrespons for å forbetre ein nettstad

Bruk målingar og respons frå brukarane for å lage ein betre nettstad. Dette aukar brukarvennlegheita, noko som er bra for både dei som skal bruke nettstaden, og dei som står bak han.
Skisse av nettside. Nedst står ein dialogboks med spørsmålet "Fant du det du kom for å gjøre?" og svaralternativa "Ja" og "Nei". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

handlar om at brukaren enkelt får gjort det hen kjem for å gjere, på ein nettstad. Prøv å gjere det lett for brukaren å finne fram til viktig innhald. Jo meir fornøgd brukaren er, jo større er sjansen for at brukaren vil komme tilbake. På den måten når du ut til fleire med bodskapen på nettstaden, anten du skal selje noko eller dele informasjon.

Brukerne ønsker å få løst oppgaven sin så raskt som overhodet mulig (Dalen & Rønjum, 2012, s. 56).

Finn målbare verdiar

Dersom du skal få informasjon om bruken av nettstaden din, må du finne ut kva du ønsker å måle, og korleis du skal måle det. Lag deg ein eller eit spørsmål du ønsker å finne ut av, før du utfører målingar og analyse. Til dømes: Skal eg bruke store eller små knappar? Skal eg lage lenker med knappar eller tekst? Forstår brukaren at ikona er klikkbare?

Måler du dette, kan det hjelpe deg å forbetre nettstaden:

  1. Finn ut kvifor brukarane kjem til nettstaden. Kva vil dei gjere? Kva søker dei etter?

  2. Får dei gjort det dei skal? Er nettstaden og informasjonen nyttig?

  3. Kva er ? Gjer brukarane det du forventar, som å fylle ut eit skjema eller kjøpe skoa dei har lagt i handlekorga? Eller klikkar mange seg inn utan å gjere noko?

  4. Er brukarane lojale? Kor ofte er dei innom, og kor lenge blir dei på sidene?

Rute som viser i kva grad brukarane er fornøgde. Fem ulike boksar viser graden av tilfredsheit i form av  ulike smilefjes. Gjennomsnittsskåren er 3,3 av 5. Skjermbilete.

I denne artikkelen finn du fleire relevante teknikkar og verktøy du kan bruke for å undersøke bruken av ein nettstad, og slik skaffe informasjon for å forbetre .

Artikkelen forklarer fem teknikkar:

  • 1. Studer trafikktal

  • 2.

  • 3. Spør brukarane

  • 4.

  • 5. (heatmaps)

1. Studer trafikktal

Kva viser høge besøkstal? At mange bruker nettsidene, eller at mange slit med å få gjort det dei skal, og må prøve igjen og igjen? Det hjelper ikkje med mange besøk om du ikkje får kommunisert ut viktig innhald, og om brukarane ikkje får gjort det dei skal.

Å ha høg på ein nettstad er meir verdifullt enn at mange besøker nettstaden utan å gjere noko.

Du kan sjå besøkstal opp mot kor lenge brukaren er inne på nettstaden, og om brukaren kjøper produkt, lastar ned noko eller ser ferdig ein video. At 1000 personar klikkar seg inn på ein 5 minutt lang video, er ikkje så mykje å skryte av om det berre er 17 av dei som gidd å sjå heile videoen.

Kor mange ser eit heilt videoklipp?

Når du viser fram ein video på nett, klarer du å halde på merksemda til ein del brukarar gjennom heile filmen. Men etter kvart som sekunda går, vil fleire og fleire klikke seg ut av videoen.

I videodelingstenester som Vimeo og YouTube kan dei som har ein konto, gå inn og observere grafar over kor mange som ser ein video, og kor lenge dei følger med på filmen. Du kan lese meir om dette i artikkelen "Analyser respons på videoar".

Ein graf over videovisning som går gradvis nedover. Til høgre for grafen står ei videorute med to personar. Skjermbilete.

2. Toppoppgåvemåling

Gerry McGovern står bak toppoppgåve-tenkinga. handlar om å identifisere sentrale som brukarane har på ein nettstad. Klarer du å identifisere desse brukaroppgåvene og gjere det lett å finne og løyse dei, blir nettstaden betre.

Du kan lage ei liste med opp mot 100 toppoppgåver. Spør brukarane, sjå kva konkurrerande nettstader gjer, og sjå på målingar som viser kva som blir brukt. Når du har funne toppoppgåvene, kan du få brukarane til å rangere dei etter viktigheit, slik at du kan peike ut kva som er .

Når du har fått kunnskap om toppoppgåvene, kan du

  • gjere kjernesidene lette å finne

  • forenkle navigasjonen og oppsettet

  • prioritere og forbetre innhaldet

  • slette mindre viktig innhald eller gjere det mindre synleg

3. Spør brukarane

Du kan også få tilbakemelding frå brukarane på nettstaden. I seinare år har ein del nettstader lagt inn dialogboksar som dukkar opp når du besøker nettstaden. Du kan bli spurt om du fann det du leita etter, om du har tid til å svare på ei kort undersøking, og om du er fornøgd eller ikkje. Du kan også få moglegheit til å gi respons til dei som står bak nettstaden.

Dialogboks med spørsmål om korleis brukaren oppfattar ein nettstad, og emojiar for å rangere brukaropplevinga. Skjermbilete.
Tips: Lag ein "behageleg" dialogboks

Når vi som brukarar kjem inn på ein nettstad, ønsker vi ofte å løyse ei ganske kjapt, som å finne informasjon, kjøpe billett eller sjekke vêrmeldinga. Då er det forstyrrande med ein dialogboks som dukkar opp midt i synsfeltet og krev at du svarer eller aktivt klikkar han bort, slik at du får gjort det du skulle.

Då er det betre å lage ein mindre påtrengande dialogboks. Du kan til dømes plassere boksen i margen på den eine sida, gjere han frivillig å klikke på eller vente ei stund før han dukkar opp. Dukkar boksen opp etter at brukaren truleg har fått gjort dei viktigaste oppgåvene, forstyrrar han mindre. Då kan også brukaren vere meir positivt innstilt til å gi deg respons.

Ulike innstillingar for visninga av ein dialogboks på ein nettstad. Skjermbilete.

4. Brukartesting

Du kan også ein nettstad for å få informasjon om korleis ulike brukarar opplever nettstaden. Du kan brukarteste ein nettstad som nettopp er lansert, ein som har vore i bruk ei stund, eller ein som er under utvikling.

Gi og observer korleis brukaren navigerer i og opplever . Gjer forbetringar ut frå den kunnskapen du får, og dei ressursane du har tilgjengeleg.

Du kan lese meir om brukartesting her:

5. Varmekart (heatmaps)

I eit ser du korleis brukaren navigerer på ei nettside. Slik kan du finne ut korleis dei som er på nettsida, bruker ho, og kva dei trykker på.

Teknologiselskapet Hotjar tilbyr varmekart, og du kan prøve dette gratis dersom du loggar inn på nettsidene deira. Du kan lese meir om varmekartanalyse på nettstaden til Hotjar. Der finn du også meir informasjon om korleis du kan analysere varmekart, og kva du kan sjå etter.

Det som er raudt på eit varmekart, har svært mange klikk. Oransje og gule område har ein god del klikk, og blå område har færre klikk.

Nettside med varmekart som ved hjelp av ulike fargar viser kvar brukarane klikkar mest. Skjermbilete.

Kjelder

Dalen, O. & Rønjum, E. H. (2012). Slik lykkes du endelig med innhold på nett. Fagbokforlaget.

McGovern, G. (2018). Top Tasks - A how to-guide (kap. 1). gerrymcgovern.com. Henta 20. januar 2022 frå https://gerrymcgovern.com/books/top-tasks-a-how-to-guide/read-the-first-chapter/

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2022

Læringsressursar

Brukartesting og analysearbeid