Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag pilotepisode og sjekk responsen i ei fokusgruppe

Lag ein pilotepisode (video eller podkast). Sjekk responsen de får frå publikum gjennom ei fokusgruppeundersøking.
Hender jobbar på eit klippetastatur. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: Lag ein kort pilot


Lag eit kort av eit av oppdraga under. Test ut responsen i ei .

1: Videoportrett av ungdom

Regionavisa vil ha ein ny dokumentarserie om ulike ungdommar. Dei ønsker ungdom til å produsere han, for å få eit ungt og fresht uttrykk. Serien skal presentere livet og interessene til ungdom i kvar episode.

Lag ein pilotepisode på to minutt, og lag tittel og vignett til serien. Regionavisa vil ha tittelforslag på dokumentarserien.

2: Kortfilm og teaser

NRK P3 vil ha i ulike filmsjangrar som skal treffe ungdom. Kortfilmen kan vere på mellom fem og ti minutt, og pilotepisoden skal vere på to til tre minutt.

Set stemninga og ha eit tydeleg visuelt uttrykk. Lag òg ein teaser (smakebit) på 15 sekund tilpassa deling i sosiale medium i ståande eller kvadratisk format.

3: Podkast

Helsestasjonen i kommunen dykkar vil ha ein med fokus på ungdom og samhald/utanforskap for å gjere det lettare for ungdom å få hjelp og bry seg om dei rundt seg.

Dei ønsker at det skal vere ein podkast med dramatiseringar/casar som blir diskuterte av eit panel med to eller tre personar. Lag ein pilotepisode på tre minutt. Få med tittelforslag og eit podkast-cover (kvadratisk).

Oppgåve 2: Presenter materialet for fokusgruppa

Når de har laga pilotepisoden, førebur de visning eller lytting av pilotepisoden og lagar spørsmål til fokusgruppa.

Forslag til spørsmål og oppgåver til fokusgruppeintervjuet
  • Vis/spel av anslaget (10–30 sekund), og høyr kva slags respons de får.

  • Still spørsmål etter anslaget. Til dømes: Kva trur dei kjem? Får dei lyst til å sjå/lytte meir? Kvifor/kvifor ikkje? Er alt klart og tydeleg? Forstår dei kva som skjer?

  • Vis/spel av heile pilotepisoden, og spør kva dei tenker om innhaldet. Still konkrete spørsmål viss de lurer på noko bestemt.

  • Still spørsmål om innhald og form, oppbygging, fokus, val av musikk/stil og så vidare.

  • De kan òg vise enkelte korte scener og be om respons, både av innhaldet de bruker, og det de vurderer å bruke.

Køyr fokusgruppeundersøking

Noter kva som skjer når de viser fram materialet. Ler dei? Ser dei forvirra ut? Er dei engasjerte? Blir dei påverka? Ser dei heller på mobilen eller ut av vindauget? Kva tenker dei om innhaldet, og lurer dei på noko?

Skriv ned svara eller ta lydopptak av fokusgruppeintervjuet.

3: Samanfatt funna frå fokusgruppeundersøkinga

  • Kva fungerer? Kva kan bli betre?

  • Korleis blir det de har skapt, møtt av deltakarane?

  • Kva kan de ta med dykk vidare til denne eller andre produksjonar?

Oppgåve 4: Utvikle episoden vidare

Dersom det er rom for det, kan de vidareutvikle konseptet og lage heile episoden eller lage ein ny episode. Bruk innspela de har fått i fokusgruppeundersøkinga, for å forbetre produktet eller konseptet.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 01.03.2022

Læringsressursar

Brukartesting og analysearbeid