Hopp til innhald

Fagstoff

Brukartesting

Skap ei smidig brukaroppleving gjennom brukartesting av medieprodukt og digitale løysingar undervegs i ein produksjon. Det gir eit betre produkt og fornøgde brukarar.
Person framfor ein dataskjerm som viser ei side frå NDLA om brukartesting. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit godt produkt er gjennomtesta. Det er lett å sjå seg blind på si eiga løysing, derfor er det viktig å finne ut korleis brukarane opplever produktet eller løysinga. Involverer du brukarane tidleg i prosessen, avdekker du feil på eit tidleg stadium, og det er svært sannsynleg at du får eit betre produkt.

Brukartesting gir deg kunnskap om korleis brukaren opplever ein nettstad, ei programvare eller eit medieprodukt. Innsikta bruker du til å forbetre .

Brukartesting gir betre brukarvennlegheit og lønnsemd

Å prioritere brukarvennlegheit er lønnsamt fordi

  • det blir betre kvalitet på produkt eller løysing

  • brukarar av digitale løysingar finn enklare fram og kan løyse kjapt

  • du får meir fornøgde brukarar

  • positivt omdømme gir fleire kundar/brukarar

Lurt å brukarteste tidleg

Brukaren kan ha behov for noko anna enn det du trur. Brukartestar du tidleg, kan du spare tid og pengar på design og utvikling. Det er dessutan betre å teste med éin brukar tidleg enn mange seint.

Brukartest tidleg

  • Brukaren kan oppdage feil eller ønske seg sentralt innhald du ikkje har tenkt på.

  • Du får ein peikepinn på om du er på rett veg, og kva som kan vere problematisk.

  • Jo lenger ut i prosessen, jo meir kostbart er det å gjere store endringar.

Kontinuerleg brukartesting

Brukartesting er viktig i heile levetida til eit produkt. Vi brukartestar for å kvalitetssikre produksjonsprosessar, frå skisser i idéfasen til prototype og ferdig løysing.

Når ein app eller programvare er lansert, er det behov for vedlikehald og oppgraderingar. Brukartesting er verdifullt for å teste gjeldande løysing og utvikle nye versjonar.

Kjelder

Krug, S. (2014). Don´t make me think Revisited. A Common Sense Approach to Web and Mobile Usability. New Riders Publishing.

Toftøy-Andersen, E. &Wold, J. G. (2011). Praktisk brukartesting. Cappelen Damm akademisk

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2022

Læringsressursar

Brukartesting og analysearbeid