Hopp til innhald

Eigenvurdering

Eigenvurdering for emnet målgrupperetting, brukartesting og målingar

Målgrupperetting, brukartesting og målingar er alle gode verktøy for å designe innhald som treffer målgruppa. Målet er å utvikle nytt innhald og forbetre det som allereie er produsert, på ein måte som er godt tilpassa publikum og behova og ønska til brukarar.
Ein mann på stige teiknar ein graf som stig brattare enn ein annan graf. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjekk kva du kan

  • Du kan argumentere for kvifor det er lurt å brukarteste innhald gjennom ein utviklingsprosess.

  • Du skaffar deg innsikt om behova og ønska til brukarane undervegs i produksjon av medieuttrykk og medietenester.

  • Du kan bruke analyseverktøy som varmekart, brukartal og toppoppgåvemåling for å undersøke bruk av innhald på nett, og du veit korleis du bruker informasjonen til å forbetre innhaldet.

  • Du kan planlegge, gjennomføre og bruke funn frå brukartestar og fokusgruppeundersøkingar til å skape og forbetre medieuttrykk.

  • Du kan bruke innsikts- og analysearbeid for å skaffe nødvendig kunnskap om behova og handlingane til brukarane for å lage målgrupperetta innhald.

  • Du veit korleis du kan analysere respons på videoar og gjere tiltak for å sikre at fleire ser meir av ein video.

Har du oversikt over omgrepa?

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 01.03.2022

Læringsressursar

Brukartesting og analysearbeid