Ressurssamling for programfaget teknologi og produksjon for vg2 medieproduksjon (yrkesfagleg utdanningsprogram).
Felles programfag saman med:Design og visualisering (IM-MED vg2) - RessurssamlingogKonseptutvikling og kommunikasjon (IM-MED vg2) - Ressurssamling
Dette er ikkje eit komplett læremiddel, men ei ressurssamling som vi håper kan vere nyttig for deg.
Faga i medieproduksjon vg2 ligg i beta. Det kjem nytt innhald i faga så lenge faga står i beta-versjon.
Brukaroppleving og prototyping er viktig når du skal utvikle ein app. Designet må vere brukarvenleg, og brukartesting undervegs er viktig.
Lag betre produkt ved hjelp av brukartesting, målgrupperetting, målingar og analysar.
Lær meir om ulike biletsjangrar og om kamerateknikk, forteljeteknikkar, lyssetjing med naturleg og kunstig lys, og biletredigering.
Det finst mange spennande yrke og arbeidsområde å velje mellom i mediebransjen. Finn ut kva som passar deg i arbeidet med elevproduksjonar.
I emnet etikk og lovverk 2 lærer du meir om etiske normer og gjeldande lovverk.
I dette hovudemnet lærer du meir om ulike lydsjangrar. Du lærer òg om dramaturgi og verkemiddelbruk i lydproduksjonar og om redigering av lydproduksjonar.
Som lærling er du både i arbeid og under opplæring. Du skal følge lover og reglar som gjeld for tilsette, men det er òg nokre særeigenheiter du må vite om.
Ny teknologi opnar for nye opplevingar og nye moglegheiter for interaksjon, samarbeid og underhaldning.
Alle har rett til privatliv og kontroll over eigne personopplysingar. Alle, men særleg vi som arbeider med andre sine personopplysingar, må kunne lovene.
Lær deg å planlegge og halde ved like nettinnhald slik at brukaren lett finn fram til viktig innhald og verksemda verkar profesjonell.
Her får du støtte til korleis du kan planleggje og gjennomføre produksjonar av medieuttrykk. Du lærer òg å analysere og tolke eigne og andre sine uttrykk.
Programmering fortel datamaskiner og system kva dei skal gjere. Det finst mange språk, men det grunnleggjande er felles.
I dette emnet jobbar du med utvikling, produksjon og publisering av tekstar i ulike sjangrar, tilpassa ulike målgrupper og med ulike typar bodskapar.
I videoemna lærer du meir om korleis du kan planleggje og produsere levande bilete.