Hopp til innhald

Fagstoff

Industrialisering og modernisering i Europa på 1800-talet

Den sterke stillinga til dei europeiske stormaktene på 1800-talet heng saman med industrialiseringa. Ei enorm teknologisk utvikling, auke av produksjonen og etterspurnad etter nye varer førte til ei ny bølgje av oversjøisk ekspansjon. Først og fremst var Afrika peikt ut som mål.
Illustrasjonen viser dei nye oppfinningane i bruk. Ein mann jobbar med telegrafen,  andre med hurtigpresse, ute går eit damplokomotiv forbi, på fjorden går ein hjuldampar og det ryk frå ein fabrikk i det fjerne. Litografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den industrielle revolusjonen

Den industrielle revolusjonen handla i grove trekk om å auke produksjonen av varer, og varene vart billigare. Det industrielle gjennombrotet skjedde først i Storbritannia rundt 1760. Dette blir kalla den første industrielle revolusjonen og var ei utvikling basert på kol og jern.

Frå midten av 1800-talet fekk vi den andre industrielle revolusjonen. Industrien utvikla seg vidare og spreidde seg i store delar av Vest-Europa, USA og Japan. Jern vart etter kvart erstatta av stål, som var eit lettare og sterkare materiale, og dei koldrivne dampmaskinene vart erstatta av dieseldrivne motorar og elektrisitet.

Ein føresetnad for at industrien skulle spreie seg, var at britane gjekk bort frå . Frå 1840-talet vart det opna for eksport av britiske fabrikkmaskiner, og reglar som hindra fri handel vart fjerna. Mot slutten av perioden var Tyskland og USA i ferd med å overta posisjonen som verdas fremste og mest moderne industrinasjonar.

Eit damplokomotiv av typen Stirling ved Peterborough jernbanestasjon på slutten av 1800-talet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Industrialisering og makt

Storbritannias dominerande rolle i den første fasen av industrialiseringa minka utover 1800-talet. Mens industriveksten i Storbritannia flata ut etter 1870, tok USA og Tyskland over rollene som dei leiande industristatane. Spesielt gjaldt dette innanfor stålindustri, kjemisk industri og bruk av elektrisitet.

Den globale verdshandelen auka dramatisk på grunn av industrialiseringa. Stadig fleire land vart trekte inn i verdshandelen på grunn av aukande etterspurnad etter varer og marknader. I tillegg auka det teknologiske gapet mellom dei industrialiserte statane og dei som stod utanfor. Moderniseringa gav kontroll over verdshandelen, noko som igjen gav eit globalt overtak. Ved inngangen til 1900-talet hadde industrialiseringa ført til at fleire ikkje-europeiske statar, som USA og Japan, gjennomførte ein moderniseringsprosess.

Den industrielle utviklinga førte til at , altså det vi kallar økonomisk liberalisme eller kapitalisme erstatta merkantilismen som økonomisk system.

I filmen nedanfor ser du korleis industrialisering på 1800-talet førte til auka produksjon, billigare prisar og kapitalisme.

Industrialisering og imperialisme

Imperialismen i perioden 1870–1914 var på mange måtar eit produkt av den industrielle revolusjonen. Auke av vareproduksjon skapte enorme behov for nye råvarer og ressursar som stormaktene i Europa trong til fabrikkane. Det vart auka konkurranse om ressursane, og det var frykt for å komme på etterskot. Når stormaktene skaffa seg nye koloniar, sikra dei seg tilgang på råvarer og billig arbeidskraft. Samtidig forhindra dei at konkurrentane fekk tilgang til desse ressursane. I tillegg ville koloniane på sikt bety nye marknader som europearane kunne selje varene sine til.

Industrialisering og modernisering førte til eit teknologisk og militært gap mellom dei industrialiserte statane og resten av verda. Jernbane, dampskip og nye våpen gjorde erobring av nye territorium mogleg i eit tempo verda ikkje tidlegare hadde sett. Og teknologiske nyvinningar innanfor medisin gjorde at tidlegare dødelege tropesjukdommar ikkje lenger var ein like stor trussel.

Tenk etter

  • I kva grad var den industrielle revolusjonen ein føresetnad for imperialismen i perioden 1870–1914?

  • Kvifor trur du nettopp Afrika var så attraktiv for europeiske kolonimakter?

  • Korleis påverka den industrielle revolusjonen andre forhold i Europa og verda på 1800-talet?

Kjelder

Schrumpf E., Bull, E., Tvedt, K., A. (2021, 22. juni). Den industrielle revolusjonen. I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/den_industrielle_revolusjon

Palmer, R. R., Colton, J. Kramer, L. (2002). A history of the modern world (ninth edition). Mcgraw-Hill. New York.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 03.09.2021

Læringsressursar

Nasjonsbygging og imperialisme