Hopp til innhald

Fagstoff

Nasjonalisme, nasjonsbygging og imperialisme

På 1800-talet voks nasjonalstaten fram. Samtidig skaffa europeiske land seg koloniar, og store oversjøiske imperium voks fram. Korleis heng dette saman?
Ei stor forsamling menn nede i ein praktfull sal der ein stor, raud baldakin markerer sentrum over ein opphøgd stol.  Tett med menneske sit òg på galleria og balkongane. Der er det òg enkelte kvinner. Italienske flagg heng frå høgda over galleria. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nasjonalismens hundreår

Nasjonalisme og samlinga av nasjonalstatane var sentrale trekk ved europeisk historie på 1800-talet. Nasjonalismen var ei ideologisk rørsle som ønskte å danne nasjonalstatar beståande av éin nasjon og éin stat. Ein nasjon er ei gruppe menneske som deler same kultur og identitet og kjenner ein fellesskap, mens ein stat er eit avgrensa og definert geografisk territorium med ei anerkjend regjering.

Europeiske statar hadde sidan mellomalderen ofte vore område med ulike nasjonar som inneheldt fleire etniske grupper med ulike språk og ulike kulturar. Utover 1800-talet vart det eit ideal at kvar nasjon skulle ha sin eigen stat med klart definerte grenser. Målet var etablering av ein nasjonalstat som skulle bestå av ein nasjon i ein stat.

Nasjonalistiske tankar oppstod fleire stader i Europa allereie på byrjinga av 1800-talet som reaksjon på Napoleons okkupasjon og fransk dominans i tysktalande område. Denne varianten blir ofte kalla for den tyske kulturelle nasjonalismen. Folk med felles språk, historie og kultur ønskte å samlast innanfor felles grenser. I Frankrike fekk vi ein politisk nasjonalisme som i mindre grad fokuserte på kultur. Staten skulle her byggje på ein fellesskap av menneske som var fødde like og med grunnleggjande rettar.

Nasjonalisme som samlande

Nasjonalismen som rørsle vart ei av dei sterkaste ideologiske kreftene utover 1800-talet. Krafta i ideologien var sterk nok til å slå saman eller oppløyse eksisterande statar. Målet var å skape ein fellesskap og styrkje tilhøyrselen blant innbyggjarane i nasjonen.

Etter Wienkongressen bestod Tyskland og Italia av mange småstatar. Begge desse landa vart samla rundt 1870 som resultat av auka nasjonalisme og medviten nasjonsbygging frå dei som hadde makt. Samlinga av Tyskland og Italia er to døme på korleis nasjonalismen hadde ein samlande effekt.

I karta nedanfor ser du korleis Tyskland vart samla gjennom tre krigar. Samlinga vart gjennomført i 1871.

Klikk på boksen i høgre hjørne på kartet for å få karta i fullskjerm. Deretter klikkar du på informasjonspunkta for å få ei kort oversikt over dei tre krigane mot Danmark, Austerrike og Frankrike.

Nasjonalisme som splittande

Nasjonalismen spelte mykje på kjensler, der kjensle av tilhøyrsel knytt til språk, kultur og religion i nasjonen stod sentralt. Denne kjensla av å høyre til ein fellesskap kan vere positiv, men kan òg skape ein vi mot dei-tankegang. På denne måten var nasjonalismen splittande eller undertrykkjande for dei som stod utanfor fellesskapen. I Noreg vart til dømes samar og kvener i perioden 1850–1950 behandla dårleg av den norske staten som følgje av ein slik tankegang.

I andre tilfelle førte nasjonalisme til at statar og imperium gjekk i oppløysing eller opplevde ei indre splitting. På 1800-talet bestod det austerrikske imperiet av mange ulike nasjonar, ulike språk og ulike kulturar. Etter kvart som desse nasjonane ønskte meir sjølvstyre og seinare sine eigne nasjonalstatar, vart eksistensen av det austerrikske imperiet trua.

Det osmanske riket hadde vore ei dominerande makt på Balkan i Sør-Europa i fleire hundreår, men nasjonalisme førte til at Hellas, Serbia og Bulgaria fekk sjølvstende på slutten av 1800-talet.

Samlinga av nasjonalstatane endra Europa

Danninga av nye nasjonalstatar førte til endringar på europakartet. Maktbalanseprinsippet frå Wienkongressen fungerte dermed ikkje lenger.

Keisardømmet Tyskland vart erklært oppretta etter sigeren over Frankrike i den fransk-tyske krigen i 1870–1871. Det franske nederlaget var ei av årsakene til at den franske merksemda dei neste tiåra vart retta mot kolonial ekspansjon i Afrika, sidan ekspansjon i Europa no vart vanskelegare.

Dei europeiske stormaktene såg på det nye tyske keisardømmet som ein trussel. Storbritannia frykta Tysklands nye rolle i Europa. Sjølv om Tyskland i første omgang ikkje fokuserte for mykje på koloniar i Afrika, såg Storbritannia eit behov for å sikre seg strategiske, økonomiske og militære haldepunkt på det afrikanske kontinentet. Etter Berlinkonferansen i 1884, der kolonimaktene i Afrika delte kontinentet mellom seg, kom Tyskland for fullt med i kolonikappløpet. No vart motsetningane mellom dei europeiske stormaktene endå tydelegare.

Nye alliansar

Ved inngangen til 1900-talet dominerte fem stormakter Europa: Storbritannia, Frankrike, Russland, Tyskland og Austerrike-Ungarn. På grunn av auka spenning og uvisse mellom stormaktene vart det frå 1880-talet og fram mot første verdskrigen oppretta fleire allianseavtalar mellom desse stormaktene. Resultatet var ei tydeleg todeling i Europa:

  • (Tyskland, Austerrike-Ungarn og Italia)

  • (Storbritannia, Frankrike og Russland)

I tillegg støtta Russland dei nye nasjonane på Balkan. Dette gjorde Russland delvis av økonomiske årsaker, for å få enklare tilgang til handel gjennom Middelhavet. I tillegg kjende Russland ein fellesskap med landa som hadde slaviske språk og same ortodokse tru. Denne fellesskapen og tanken om å sameine slaviske folk blir kalla panslavisme.

Nasjonalisme blir ein naturleg del av imperialismen

Endra maktforhold i Europa saman med nasjonalisme er med på å forklare kvifor imperialismens tidsalder blir innleidd i perioden 1870–1914. Imperialismen innebar å sikre seg politisk og økonomisk kontroll over område, først og fremst i Afrika, mot viljen til dei som budde der.

Mange nasjonalstatar fekk etter kvart stormaktsambisjonar og kasta seg ut i kolonisering, krigar og konfliktar med andre nasjonar. Nasjonalisme og nasjonsbygging fekk fotfeste i fleire europeiske statar på 1800-talet. Spesielt ønsket om å fremje æra til nasjonen gjennomsyra politikken. Eit stort imperium med oversjøiske koloniar vart knytt til stordom og noko ein nasjonalstat skulle streve etter. Imperialisme og imperiebygging vart sett på som noko positivt som viste eigen nasjons status.

Utover 1800-talet vart nasjonalismen i større grad prega av rasisme og . Imperialistane argumenterte for at Europa var meir sivilisert, teknologisk overlegent og meir intelligent enn andre. Dei kvite europearane hadde derfor ikkje berre ei plikt og ein rett til å styre over innfødde, men også ansvar for å "hjelpe" dei usiviliserte.

To figurar, kledde som symbola på Storbritannia og USA, ber store korger med karikert teikna farga personar oppi oppover ein bratt haug med sekker som har påskrifter som "brutality", "barbarism", oppression" og "slavery". Ein gullforgylt statue der det står "civilization", står på toppen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk etter

  • Kvifor trur du 1800-talet har vorte kalla nasjonalismens hundreår?

  • Ville imperialismen 1870–1914 funne stad viss ikkje nasjonalismen hadde vorte ei så viktig drivkraft i Europa på 1800-talet? Kvifor? Kvifor ikkje?

Kjelder

Knudsen O. (2019, 16. august) Nasjonalisme. I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/nasjonalisme

Lima, G. & Wolff, E., C. (2021, 9. februar) Italias historie. I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/italias_historie

Palmer, R. R., Colton, J. Kramer, L. (2002). A history of the modern world (ninth edition). Mcgraw-Hill. New York.

Panslavisme (2020, 13. desember). I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/panslavisme

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 07.01.2022

Læringsressursar

Nasjonsbygging og imperialisme