Hopp til innhald

Fagstoff

1815–1914: Europas hundreår?

Europa dominerer verda på 1800-talet. I løpet av hundreåret spreier industrialiseringa seg til nye land, vi får framveksten av nye ideologiar og dei europeiske stormaktene legg under seg store område utanfor kontinentet. Korleis heng dette saman? Kva skjedde eigentleg på 1800-talet?
Europeiske diplomatar og politikarar samla i eit rom rundt eit bord tidleg på 1800-talet. Dei fleste har uniformer med knebukser til. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Wienkongressen innleidde ei ny tid for Europa

Etter Napoleonskrigane møttest sigerherrane i Wien til det som er kjent som Wienkongressen. Sigerherrane, først og fremst Russland, Storbritannia, Austerrike og Preussen, sette prinsippa for eit nytt Europa etter årtier med revolusjonar og Napoleonskrigar.

Wienkongressen introduserte ein lang periode, 1815–1914, som var forholdsvis fredeleg. Dette var delvis på grunn av prinsippet om maktbalanse. Inga stormakt skulle ha større territorium og makt enn andre. I perioden var det nokre avgrensa krigar, som til dømes Krimkrigen (1853–1856) og den fransk-tyske krigen (1870–1871). Men det skulle gå nærare hundre år før alle dei europeiske stormaktene vart involverte i ein storkrig – første verdskrigen i 1914.

Tenk etter

  • Sjå på karta nedanfor. Du kan bla mellom to kart ved å trykkje på pilene i karta.

  • Kva trur du stormaktene i Europa tenkte om grenseendringane som skjedde frå 1815 til 1914?

1800-talets Europa

I løpet av 1800-talet gjekk Europa gjennom omfattande endringar på dei fleste område. Industrialiseringa spreidde seg og endra karakter. Fleire europeiske land bevega seg sakte i meir demokratisk retning, samtidig som nye nasjonalistiske idéar førte til geografiske endringar på europakartet. Spesielt frå 1870 involverte fleire av stormaktene seg i eit kappløp om koloniar, først og fremst i Afrika.

I åra før første verdskrigen hadde Europa vorte eit kontinent prega av nokre få stormakter som delte seg i to store alliansar som stod mot kvarandre. Maktbalansen dei hadde prøvd å få til under Wienkongressen, hadde i praksis vorte borte på slutten av hundreåret.

Tidsrommet 1815–1914 var altså prega av ein aukande global europeisk dominans og ei kraftig økonomisk, teknologisk, ideologisk og politisk utvikling. Korleis heng dette saman? Nedanfor presenterer vi fire sentrale hovudlinjer som må sjåast i samanheng for å forstå denne utviklinga.

Industrialisering

Eit lokale der det er full aktivitet. Både kvinnelege og mannlege arbeidarar er i sving. Tekstil ligg i stablar, og det er fleire maskiner der. Illustrasjon.

Det industrielle gjennombrotet skjedde i Storbritannia på slutten av 1700-talet. Dette blir kalla den første industrielle revolusjonen og var hovudsakleg ei britisk utvikling basert på kol og jern. Frå midten av 1800-talet utvikla industrien seg vidare i store delar av Vest-Europa, USA og i Japan. På slutten hundreåret var Tyskland og USA i ferd med å overta posisjonen som verdas fremste og mest moderne industrinasjonar. Spesielt Tysklands rolle skulle få betydning for Europa på slutten av 1800-talet.

Ideologiar

Ein ideologi er eit tankesystem som gir uttrykk for eit bestemt heilskapleg syn på samfunnet. Ideologiane søkjer å gi svar på korleis eit samfunn bør vere, korleis det skal styrast, og korleis ein kan få det samfunnet ein ønskjer seg. Ein ideologi legitimerer, rettferdiggjer og forklarer politiske avgjerder i eit samfunn. I løpet av 1800-talet veks det fram ei rekkje ideologiar som fekk stor betydning for verdshistoria.

  • Liberalismen oppstod under opplysningstida på 1700-talet og spelte ei viktig rolle under den franske revolusjonen og i utviklinga av moderne demokrati. Sentralt i liberalismen er fridom for enkeltindividet og ein fri marknad. Spesielt innanfor økonomi fekk liberale reformer betydning utover 1800-talet.

  • Konservative krefter vann fram etter Napoleonskrigane. Dei konservative i Europa var hovudsakleg geistlege, adelsmenn og offiserar. Desse var for einevelde, meir makt til kyrkje og adel, og dei meinte at all endring av samfunnet burde skje gradvis.

  • Sosialisme er ei samnemning for ulike idéar, basert på Karl Marx. Sosialismen ønskjer å kjempe mot økonomisk forskjell, og målet er eit klasselaust samfunn. Dei enorme økonomiske forskjellane mellom rike og fattige utover på 1800-talet førte til at sosialismen vart ei masserørsle for arbeidarklassen mot slutten av hundreåret.

Nasjonalisme og nasjonsbygging

Ein nasjon er eit avgrensa landområde der innbyggjarane har felles språk, kultur og identitet. Ein stat er eit avgrensa definert geografisk territorium, med ei anerkjend regjering. Ein nasjonalstat skulle ideelt bestå av éin nasjon–éin stat. Utover 1800-talet vart dette sett på som eit naturleg ideal. Problemet i Europa var at nasjonane var spreidde på tvers av landegrenser. For nasjonalistane vart målet å teikne opp europakartet på nytt, og nasjonalstaten skulle vere regelen.

Nasjonalisme som rørsle vart ei av dei sterkaste ideologiske kreftene utover 1800-talet. Krafta i ideologien var sterk nok til å slå saman eller til å oppløyse eksisterande statar. I historiefaget er dette kjent som nasjonalisme som samlande eller splittande. Tysklands samling i 1871 og ulike frigjeringskrav i det austerriksk-ungarske keisardømmet på 1800-talet, er døme på at nasjonalisme kan vere både samlande og splittande. Nasjonsbygging var middelet eller prosessen der ein nasjonal identitet voks fram. I denne prosessen vart både nasjonale institusjonar og ei forståing om eit nasjonalt fellesskap utvikla.

Rundt hovudpersonane står mange menn i ulike uniformer og løftar sablane sine til keisaren. Dei er i ein praktfull sal med store vindauge og gullforgylte detaljar. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Imperialisme

Perioden 1870–1914 blir kalla imperialismens tidsalder. I løpet av nokre få tiår, erobra europeiske stormakter nesten heile Afrika og store område i Asia. Imperialisme og imperiebygging blir kjenneteikna ved at ein stat eller herskar skaffar seg kontroll over landområde, statar, nasjonar eller folkegrupper som i utgangspunktet ikkje høyrer til deira område. Denne koloniseringa kan gå føre seg politisk, økonomisk og kulturelt.

Årsakene til imperialisme er samansette, men heng saman med ei rekkje utviklingstrekk som direkte eller indirekte førte til eit ønske om å erobre territorium utanfor Europa.

  • Industrialiseringa i Europa førte til etterspurnad etter billige råvarer. I tillegg hadde industristatane behov for å finne nye marknader for å få selt industriprodukt.

  • Konkurranse mellom stormaktene i Europa og aukande rivalisering førte til frykt for å bli hengande etter i kolonikappløpet.

  • Nasjonalismen i Europa førte til eit ønske om å utbreie stordommen i nasjonen utover eigne grenser. Imperialisme og erobring av territorium vart sett på noko positivt og var forbundet med prestisje.

Tenk etter

  • Er det eigentleg rett å kalle 1800-talet for Europas hundreår?

  • Kan du tenkje deg nokon problem med å kalle 1800-talet for Europas hundreår? Kva seier dette om Europas syn på resten av verda?

  • Kva skjer eigentleg i Amerika, Afrika og Asia på 1800-talet?

Kjelder

Knudsen O., F. & Ryste, M., E. (2018, 17.september). Nasjonalstat. I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/nasjonalstat

Knudsen O. (2019, 16.august) Nasjonalisme. I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/nasjonalisme

Palmer, R. R., Colton, J. Kramer, L. (2002). A history of the modern world, ninth edition. Mcgraw-Hill. New York.

Schrumpf E., Bull, E., Tvedt, K., A. (2021, 22.juni). Den industrielle revolusjonen. I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/den_industrielle_revolusjon

Østerud, Ø. (2007). Hva er nasjonalisme? Universitetsforlaget. Oslo.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 03.01.2022

Læringsressursar

Nasjonsbygging og imperialisme