Antisemittisme – "alle konspirasjonsteoriars mor" - Historie (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Antisemittisme – "alle konspirasjonsteoriars mor"

Kanskje den mest utbreidde konspirasjonsteorien i verdshistoria er tanken om at jødane jobbar i det skjulte for å skaffe seg verdsherredømme. Dette har mellom anna ført til antisemittisme, hat og folkemord. Kvar kjem misnøya og skepsisen mot jødane frå?

Antisemittisme

Omgrepet antisemittisme blir i dag brukt som samleomgrep for alle former for fiendtlege haldningar og handlingar retta mot jødar fordi dei er jødar. Dette hatet mot ei spesifikk folkegruppe kjem til uttrykk på ulike måtar, frå fordomsfulle førestillingar om jødar til trakassering og forfølging.

Antikken

Forfølging av jødar har lange historiske røter i Europa og fanst i betydeleg omfang allereie i antikkens Romarrike. Motiva bak forfølgingane har vore religiøst grunngitt, men også meir generelle fordommar og framandfrykt har vore viktig. Jødane var annleis med eigne ritual og sin eigen religiøse praksis.

Mellomalderen

Forfølgingane av jødane eskalerte i mellomalderen. Fiendskapen hadde først og fremst eit religiøst utgangspunkt; jødane vart skulda for å ha myrda Jesus, for å forgifte drikkevasskjelder og å samarbeide med Satan. Spesielt i krisetider auka fiendskapen mot jødane. Det fanst likevel unntak. Jødane hadde ganske fri stilling under det muslimske styret i dagens Spania og Portugal, og mot slutten av mellomalderen også i Polen og Litauen.

Tidleg moderne tid

Verken reformasjonen på 1500‑talet eller opplysningstida på 1700‑talet førte til noka særleg betring i stillinga til jødane i Europa. Reformatoren Martin Luther utvikla hat mot jødane fordi dei ikkje omvende seg til hans nye form for kristendom. Mange opplysningsfilosofar såg jødane som eit primitivt og gammaldags folk som stod i vegen for framsteget.

Antisemittisme i nyare tid

Den moderne antisemittismen, som utvikla seg mot slutten av 1800‑talet, var annleis enn tidlegare jødefiendtlege haldningar og forfølgingar. Jødehatet endra seg frå å vere basert på religiøse fordommar til også å innehalde påstandar om at jødane var ein eigen rase med spesielt negative eigenskapar.

Antisemittiske rørsler og parti vaks fram, og eit aukande tal skrifter, blad og aviser var kritiske mot jødane. Det er i dette tidsrommet den store konspirasjonsteorien om jødane tek form.

Sions vises protokollar

Ein sentral del i den moderne antisemittismen er konspirasjonsteorien om at jødane i det skjulte jobbar for å skaffe seg verdsherredømme.

Sions vises protokollar er ei antisemittisk samling av forfalska og fabrikkerte tekstar. Etter seiande var tekstane hemmelege møtereferat som avslørte ei gigantisk jødisk samansverjing. Ifølge tekstane styrte jødane i det skjulte både kommunismen og kapitalismen, og det eksisterte planar om å gripe verdsmakta.

Sions vises protokollar vart første gong trykt i 1903, og allereie i 1921 vart protokollane avslørte som ei forfalsking. Dette hindra likevel ikkje at tekstane vart spreidde globalt. Antisemittar har brukt, og bruker framleis, tekstane som "bevis" på at det finst eit jødisk komplott om å oppnå jødisk verdsherredømme.

Mellomkrigstida

I mellomkrigstida auka antisemittismen i omfang og intensitet. I Russland brukte det hemmelege politiet til tsaren Sions vises protokollar til å legitimere massakrar mot jødane i den russiske borgarkrigen. I USA finansierte bilprodusenten Henry Ford trykkinga av fem hundre tusen kopiar av protokollane og fekk eit særleg ansvar for spreiinga i Amerika.

I Tyskland oppstod det ein myte om at det tyske nederlaget i første verdskrigen kom av at militæret vart svikta av ein indre fiende, den såkalla dolkestøytlegenda. Nazistane meinte at jødane, saman med kommunistar og andre "samfunnsundergravande element", hadde forrådd Tyskland.

Tenk etter

Er det likskap mellom tankegangen bak "dolkestøytlegenda" og idéane til terroristen bak handlingane 22. juli i 2011 i Noreg?

Nazismen og holocaust

Den mest dramatiske effekten av protokollane var likevel legitimeringa av antisemittismen i nazismen. Adolf Hitler brukte Sions vises protokollar og antisemittiske idéar til å stadfeste verdsbiletet sitt. Der stod ein overfor ein apokalyptisk sluttkamp mellom dei tyske germanarane og fiendane deira, jødane. I den nazistiske propagandaen i mellomkrigstida var kommunisme og jødedom to sider av same sak, den såkalla "jødebolsjevismen". Jødane samarbeidde ikkje berre med kommunistane, det var jødane som stod bak kommunismen. Ifølge denne tankegangen var det eigentleg jødane som stod bak den russiske revolusjonen, som eit ledd i planen om verdsherredømme.

Holocaust, utryddinga av jødane under andre verdskrigen, står som den mest fryktelege konsekvensen av antisemittismen. På grunn av den historiske betydninga og dei katastrofale følgene kan førestillinga om verdssamansverjinga til jødane blir kalla "alle konspirasjonsteoriars mor".

Konspirasjonsteoriar om jødane i dag

Sions vises protokollar blir framleis spreidde og aktivt brukte blant både nynazistar, rasistiske okkultistar, kristenfundamentalistar og islamistar. Dette bidreg til at konspirasjonsteorien om verdsherredømmet til jødane er aktuell også i dag.

Holocaustfornektarane antydar at folkemordet er ei fabrikkert løgn sett i verk av jødane for å skjule den "eigentlege sanninga" om eit jødisk verdsherredømme.

I fleire arabiske land blir Sions vises protokollar brukt for å vise at jødane ønsker herredømme over alle arabarland. Mellom anna viste islamistrørsla Hamas til Sions vises protokollar i 1988 som bevis for staten Israels vondskap.

Kristenfundamentalistar, også i Noreg, har brukt protokollane som bevis for konspirasjonsteoriane sine. Ifølge dei, skal jødane ha samarbeidd med andre aktørar for å sikre seg verdsherredømme.

Ein myte som oppstod etter terrorangrepet mot USA 11. september 2001, var at jødane, eller Israel, var involverte i angrepet. Etter seiande skulle tilsette med jødisk bakgrunn ha rømt World Trade Center før flya trefte tårna. Desse skuldingane har vorte fremma på nynazistiske nettstader og i spekulative medium i Midtausten, men har inga rot i verkelegheita.

I mellomkrigstida skulda nazistane den jødiske bankfamilien Rothschild for å vere såkalla "finansjødar", som ønskte å undergrave den rådande sosiale ordenen. I dag blir det same påstått om den amerikanske finansmannen George Soros. Milliardæren Soros, som har jødisk bakgrunn, bruker mykje av formuen sin til å støtte liberale prosjekt og demokratiutvikling verda rundt. I hatkampanjen mot Soros har det vorte brukt velkjende antisemittiske grep ved å skulde han for å høyre til globalisteliten. Dette skal etter seiande vere ei gruppe som "trekker i trådane", og som jobbar for jødisk verdsherredømme.

Tenk etter

  • Kjenner du til nokon stereotypiar eller fordommar mot jødar i dag?

  • Er det likskapstrekk mellom konspirasjonsteorien om jødane og ulike konspirasjonsteoriar om muslimar i Noreg i dag?

Vil du vite meir om antisemittisme?

Du kan lese meir om antisemittisme og høyre professor Christhard Hoffmann forklare omgrepet hos religionsorakla ved Universitetet i Bergen.

Kjelder


Dyrendal, A. (2020, 23. oktober). Konspirasjonsteorier. I Store norske leksikon. https://snl.no/konspirasjonsteori

Dyrendal, A. (2020, 6. mai). Sions vises protokoller. I Store norske leksikon. https://snl.no/sions_vises_protokoller

Dyrendal, A. & Emberland, T. (2019). Hva er konspirasjonsteorier. Universitetsforlaget.

Groth, B. & Mendelsohn O. (2021, 22. desember). Jødeforfølgelser i oldtid og middelalder. I Store norske leksikon. https://snl.no/j%C3%B8deforf%C3%B8lgelser_i_oldtid_og_mellomalder

Hva er antisemittisme (2020, 29. oktober). I Religionsoraklene. Henta frå https://religionsoraklene.no/hva-er-antisemittisme/

Simonsen, K. B. (2021, 9. juni). Den moderne antisemittismen. I Store norske leksikon. https://snl.no/den_moderne_antisemittismen

Simonsen, K. B. (2018, 5.desember). Den kristne antijudaismen. I Store norske leksikon. https://snl.no/den_kristne_antijudaismen

Relatert innhald

Fagstoff
Frå jødehat til antisemittisme

Antisemittismen har anar tilbake til mellomalderen. Etter maktovertakinga til nazistane i 1933 vart antisemittisme offisiell politikk i Tyskland.

Skrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 20.01.2022