Hopp til innhald

Fagstoff

GPS-teknologi

Har du ein smarttelefon i lomma, går du samtidig rundt med ein GPS. Men kva er eigentleg ein GPS, korleis verkar det, og kva kan vi nytte GPS til i naturbruksyrka?
Satellitt som svever over jorda. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Går du inn på eit kart på smarttelefonen, kan du få opp akkurat kor du er. I mange bilar er det GPS som fortel kor du er, og korleis du kan finne fram dit du skal.

Tenk etter:

Kva for bruksområde for GPS veit du om?

Prikkar som beveger seg i ulike sirklar rundt jorda. Tal som viser kor mange satellittar som er synlege frå ein bestemd stad. Talet varierer mellom fem og ti. Animasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis fungerer GPS-systemet?

GPS er forkorting for globalt posisjoneringssystem. Satellittar svever i baner 20 000 kilometer over jorda. Signal frå desse satellittane blir fanga opp av GPS-en. Signala inneheld mellom anna informasjon om når signalet vart sendt frå satellitten. Ut frå når mottakaren får signalet, kan ein rekne ut avstanden til satellitten.

To sirklar som symboliserer signal frå to ulike satellittar. Eit menneske er teikna inn på det eine punktet der desse to sirklene kryssar kvarandre. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ved hjelp av signal frå minimum fire satellittar kan GPS-mottakaren rekne ut posisjon og kor høgt over havet mottakaren er. 24 satellittar trengst for at heile jorda heile tida skal ha dekning av minst fire satellittar.

GPS-teknologien fungerer uansett om du er til sjøs eller på land, og uavhengig av været. Systemet vart utvikla til militært bruk, men vart etter kvart også tilgjengeleg for sivile.

Kart og koordinatar

GPS-en reknar ut posisjonen din, og ved hjelp av mange utrekningar etter kvarandre kan hastigheita du beveger deg i, også blir gitt opp. Posisjonen kan leggjast oppå eit kart slik at du ser kor du er. Posisjonen kan også bli gitt i form at eit kartkoordinat. Det finst mange ulike system for kartkoordinatar. Dette er tal og bokstavar som angir kor posisjonen din er, i eit tenkt rutenett, eller kor mange gradar mot nord og øst posisjonen din er.

Finn ut:

  • Har du ein kart-app på telefonen din der du kan få opp kartkoordinatar? Viss ikkje, kan du laste ned gratis noregskart.
  • Kva er koordinatane til posisjonen der du er no?
  • I kva for situasjonar kan det vere nyttig å kunne gi opp ein nøyaktig posisjon?
  • Sjekk ut appen 113. Kva kan du nytte han til?

GPS i naturbruksnæringane

Hand som held ein GPS-mottakar med kart på skjermen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I naturbruksnæringane blir GPS nytta i mange samanhengar i dag og kjem truleg til å få ein endå større bruk i framtida. Teknikken har vorte betre, og mottakarane har vorte mindre og meir tenlege. Her er døme på praktisk bruk av GPS i dag:

  • orientering på tur
  • navigering til sjøs
  • i landbruksmaskinar
  • GPS-sendar på hund under jakt
  • forsking og overvaking av rovdyr og anna vilt
Kart der det er teikna inn kor ein båt har bevegd seg i løpet av ein dag. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Til sjøs

Fiskerinæringa er heilt avhengig av GPS-teknologi. Navigasjon blir utført ved hjelp av kartsystem knytt til GPS. AIS er eit automatisk identifikasjonssystem som er innført for å auke tryggleiken for skip og miljø og gjere trafikkovervaking og sjøtrafikktenester betre. GPS er ein føresetnad for AIS. Det blir merka av kor reiskap blir sett i sjøen, slik at ein kan finne han att. Reiskapen blir meldt inn til Barentswatch slik at alle som driv fiske, kan sjå kor det er "ledig hav". Fangstar til sjøs blir registrerte med volum og kor det er fiska.

Her kan du gå inn på Barentswatch og sjå kor det er reiskap og fartøy.

I skogen

I hogstmaskinar er det avansert utstyr som registrerer kor mykje som blir hogd, og kor det er hogd. Det finst teknologi for å registrere kor kvar stokk blir lagt, og det neste er kanskje at dette kan bli nytta for at lassbæraren kan finne att tømmeret sjølv om det skulle snø ned. GPS er også i bruk under kartlegging og taksering av skogressursane og er eit viktig hjelpemiddel når vi skal finne fram i skogen.

Hos Norsk skogbruk kan du lese meir om kva data frå GPS i hogstmaskina kan nyttast til.

Førarhytte i ein traktor der det er montert skjermar og utstyr for navigering. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På jordet

I landbruket har moderne traktorar og skurtreskjarar GPS-utstyr, og det er moglegheiter for å registrere avlingar og tilpasse bruk av gjødsel og sprøytemiddel. GPS er eit hjelpemiddel for å kunne køyre meir presist og ein kan følgje det same hjulsporet kvar gong. Ved å bruke GPS hindrar ein overlapping av kor det blir køyrt. Arbeidet blir meir effektivt og meir miljøvennleg.

På nettida Klimasmart landbruk kan du lese om klimasmart landbruk med GPS.

På beitet

For beitedyr er det utvikla eit system der dyra går rundt med klave med GPS- sendar/mottakar. Eigaren kan programmere kor i området dyra skal gå. Viss systemet registrerer at dyret nærmar seg yttergrensa for beiteområdet, kjem det lydsignal. Dersom dyret passerer grensa, får det ein liten elektrisk støyt omtrent som eit straumgjerde. Dyra lærer dette, slik at når lyden kjem, vil dei stoppe og gå attende. På denne måten kan dyr bli haldne innafor eit område utan gjerde og dyreeigaren kan følgje med på kor dyra er.

Sjå film på YouTube om gjerdefri beiting.

Sjølvgåande landbruksmaskinar?

Ved NMBU på Ås forskar dei på bruk av landbruksutstyr som er sjølvgåande på jordet. Dei blir styrte ved hjelp av GPS-teknologi, og det er laga prototypar som både kan hauste gras og plukke jordbær.

Sjå film på YouTube om roboten Thorvald..

Diskuter:

  • Kva trur de GPS-teknologi kan nyttast til i naturbruksnæringane i framtida?
  • Kva er fordelane med bruk av GPS?
  • Ser de nokre ulemper ved innføring av slik teknologi?

Relatert innhald

Nettside hos snl.no

CC BY-SASkrive av Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 16.12.2019

Læringsressursar

Bruk av kart, kompass og GPS