Hopp til innhald

Fagstoff

Leikprega orientering

Kan du lese kart, har du tilgang til masse informasjon om eit område. No skal du øve på å lese kart gjennom leikprega øvingar.
Gutt står ved en kontrollpost i et orienteringsløp. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Læringsmål

  • De skal øve på å forstå ulike kart, kartteikn og himmelretningar.

  • De skal orientere kartet etter terrenget.

Til læraren
  • Gå igjennom ulike kartteikn, fargar og detaljar på kartet med elevane.

  • Ha ein samtale om kva ei leielinje er, og korleis ein orienterer kartet etter terrenget.

  • Ha ein samtale om læringsmåla.

Linjeorientering med utstyr

No skal de få øve både på å orientere kartet etter terrenget og på å sjå etter detaljar i terrenget og på kartet.

Utstyr

  • Kart over nærområdet med ei "rute" teikna inn

  • Penn

Organisering

Jobb to og to i lag. Ruta på kartet må vere ein runde, og ho må følge ei naturleg leielinje i terrenget. Langs ruta skal det vere plassert ut ulikt treningsutstyr. Det kan vere band, vest, køller, racketar og mange andre ting.

Gjennomføring

Når de går runden, skal de alltid følge med på kvar de er hen på kartet, i tillegg skal de bruke auga aktivt og sjå etter utstyret. De skal merke av på kartet kvar utstyret er, kva slags type utstyr de ser, og kva farge utstyret har. Det er om å gjere å merke av rett på kartet.

Tips: Sjå etter detaljar i terrenget som de òg finn på kartet. Dette kan vere ting som ein stor stein, ein bekk, eit stikryss, ein skrent, eit stup eller ei vegetasjonsgrense.

Fangeleik

Dette er ein leik der du får øve på å bruke kart over eit mindre område og å orientere kartet etter terrenget. Kartet er avgrensa og har få detaljar. Leiken er derfor fin som ein introduksjon til orientering eller bruk av kart i samband med naturferdsel.

Utstyr

  • Kart

  • Kjegler

  • Laminerte lappar med nummer frå 1 til 30

Organisering

Lappane med nummer skal ligge gøymde under kjeglene. Kjeglene blir plasserte på to rekker, 15 stykke på kvar side av eit område. Dette området kan vere ei grasslette eller eit flatt skogsområde. Alle får eit kart med oversikt over kvar dei ulike nummera finst, altså under kva kjegle dei ulike nummera er. Det kan vere eit "heimelaga" kart over ein liten fotballbane, ein park eller liknande der målestokken er stor, til dømes 1 : 1000 (1 centimeter = 1 meter). Kjeglene med partal står på den eine sida av området, og kjeglene med oddetal står på den andre sida.

Gjennomføring

Du får tildelt eit nummer mellom 1 og 30. Så skal du finne nummera i stigande rekkefølge. Når du har funne nummer 30, startar du på 1 og held fram vidare til nummer 2.

I midten av området står det ein eller to personar som skal prøve å fange dykk. Blir du fanga, må du gi frå deg kartet ditt, og den som tok deg, kan halde fram med det. Du må fortelje den som tok deg, kvar du starta, og kor langt du har komme. No skal du prøve å fange nokon, og klarer du det, skal du overta kartet deira. Du er ferdig når du har vore innom alle postane.

Kjeglepost

I denne leiken skal du saman med ein medelev øve på å finne fram i nærområdet. De må orientere kartet etter terrenget og sjå etter ulike detaljar både i terrenget og på kartet. De skal òg utfordre kvarandre i å finne fram i vanskelegare terreng.

Utstyr

  • Kart

  • Penn

  • Valfri gjenstand

Organisering

To og to jobbar saman med eit kart over nærområdet, til dømes skulekartet. Vel dykk ein gjenstand frå utstyrsrommet som ikkje er lik nokon av dei andre para sine gjenstandar. Dette kan vere eit merkeband, ein vest, ei kjegle eller ei kølle.

Gjennomføring

Den eine av dykk tek med seg kartet og spring ut med gjenstanden. Når hen kjem tilbake, skal hen markere på kartet med ein penn der gjenstanden er. Så skal den andre i paret springe ut med kartet og finne igjen gjenstanden. Deretter byter de. Slik held de fram. Prøv å utfordre kvarandre med både lengre avstandar og vanskegrad på plasseringa. Få gjerne tips av læraren deira om kvar de kan plassere posten.

Relatert innhald

Kart er eit detaljert og forminska bilete av eit landskap sett ovanfrå. Her skal du få vite meir om kart, målestokk og korleis du kan nytte eit kompass.

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly og Bjørn Erik Rolseth.
Sist fagleg oppdatert 25.04.2022

Læringsressursar

Bruk av kart, kompass og GPS