Arbeidsoppdrag
Første økt med kart og kompass
I dette arbeidsoppdraget får du ei første innføring i bruken av kart og kompass. Du lærer å lesa kart, finna att i terrenget det du ser på kartet, og å bruka kart og kompass til å finna vegen frå ein stad til ein annan.
- dagstursekk
- mat og drikke for å vera ute heile dagen (gjerne varm drikke på termos)
- klede og skor å vera ute i
Læraren sørgjer for kompass og orienteringskart over området.
- Vi går gjennom litt teori om kart, kompass og GPS inne.
- Vi tek på utetøy, tek med kart og kompass (to og to deler eitt kart og eitt kompass) og går ut. To og to skal jobba saman om oppgåvene, og heile gruppa skal vera nokolunde nær kvarandre slik at læraren kan hjelpa dei som treng det undervegs.
- Vi repeterer namna på dei ulike delane av kompasset.
- Sjå på kartet du har fått utdelt. Finn ut kvar du er på kartet, målestokk, ekvidistanse og desse kartteikna nær deg:
bygning
veg
lauvskog
barskog
myr
vatn
bratt skrent
slak helling
dyrka mark
- Finn dei same stadene i terrenget, ta bilete av dei, gå tilbake til avtalt møtestad og vis til læraren.
Ta ut kompasskurs frå møtestaden (der klassen er samla) til:
næraste vegkryss, og derifrå til
næraste stad som ligg 20 meter høgare enn dette vegkrysset, og derifrå til
næraste bygning, og derifrå
tilbake til møtestaden
- Vi finn ut kva vi kan bruka som siktepunkt og fanglinjer i kvar av desse kompassgangane.
- De skal finna ein stad der vi kan brenna bål og eta matpakka vår, og de bruker kart og kompass til å finna ei god rute dit. To og to skal laga forslag til kvar vi skal gå, og presentera dette for resten av klassen (ute).
- De skal forklara kvifor de vil velja akkurat denne staden og akkurat denne ruta.
- Vi vert samde om ein stad og ei rute for å koma dit.
- Vi bruker kart og kompass for å koma til denne staden. To og to skal arbeida saman.
Etter denne økta kan du:
- forklara korleis du kan finna himmelretningane (nord, sør, øst og vest) ute i naturen utan å bruka kompass
- forklara kvifor det er nyttig å kunna bruka kart og kompass
- forklara kva målestokken på eit kart fortel oss, og rekna ut avstanden i verkelegheita når du har eit kart med kjend målestokk
- forklara kva høgdekurve og ekvidistanse er
- forklara desse orda: kartkontakt, siktepunkt og fanglinjer
- lesa kartteikn på orienteringskartet, og finna desse både på kartet og i terrenget: bygning, veg, sti, skog, myr, vatn, bratt skrent, slak helling mot vest, dyrka mark
- peika på desse delane av eit kompass: marsjpil, linjal, nordpil (eller senga), kompassnål og kompasshus
- ta ut kompasskurs frå ein stad til ein annan
- forklara kvar nord på kartet er, og orientera kartet mot nord
- forklara kva som kan gjera at kompasset kan visa feil retning
Vurdering:
Last ned: Første økt med kart og kompass. Egenvurderingsskjema.
Filer
Læraren og klassen avtaler eventuell vurdering med karakter.