Hopp til innhald

Yrke innan handverk, design og produktutvikling

Vg1 handverk, design og produktutvikling gir deg moglegheiter til å velje mellom 41 unike yrke. Du får bli kjent med fleire fag og mange teknikkar, gjennom handverk som har lange tradisjonar. Du skal lære metodar og framgangsmåtar, samtidig som du får jobbe med nyskaping og produktutvikling.

Særløp

Fleire fag innan design og tradisjonshandverk har ikkje eit skuletilbod, men opplæring i bedrift etter Vg1. Desse faga blir kalla særløp. Vel du eitt av særløpa, går du tre år i lære etter Vg1 handverk, design og produktutvikling. I løpet av læretida skal du ha opplæring i programfag og fellesfag.