Tekstilduojár - Materiale og teknikkar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Tekstilduojár

Ein tekstilduojár produserer, reparerer, attskaper og utviklar duodji i tekstile materiale med utgangspunkt i samiske duodjitradisjonar. Tradisjonelle produkt ein tekstilduojár lagar, er klede, luer, belte, vesker og andre bruksgjenstandar.

Teknikkar

Ein tekstilduojár jobbar både med hand- og maskinsaum og utviklar kunnskap om tradisjonelle mønster. Ein gákti (kufte) blir til gjennom konstruksjon av tradisjonelle mønster, oppklipping, damping og utføring av saumtekniske detaljar, alt etter det regionale særpreget til gáktien.

Dekoreringsteknikkar som inngår i arbeid med ulike produkt, kan vere perle- og tinntrådbrodering, dekorering med garn og band og frynsing.

Eigenskapar

Som tekstilduojár må du ha ferdigheiter i ulike teknikkar for å arbeide med ulike produkt. Du må ha kunnskap om tekstiltradisjonar frå ulike samiske regionar, vere nøyaktig og god i hand- og maskinsaum. I tillegg bør du kommunisere godt med kundar og oppdragsgivarar.

Utdanning

Utdanninga for å bli tekstilduojár er to år i vidaregåande skule og to år lære i bedrift. Det første året tek du vg1 handverk, design og produktutvikling. Det andre året vel du vg2 duodji med fordjuping i mjuke materiale. Etter to år i lære i tekstilduodjifaget kan du ta sveinebrev.

Skrive av Sara Inga Johansdatter Utsi Bongo.
Sist fagleg oppdatert 09.12.2021