Ull- og garnduojár - Materiale og teknikkar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Ull- og garnduojár

Ull-og garnduojárar produserer, reparerer, attskaper og utviklar duodji i tekstil. Dei fører vidare samiske handverkstradisjonar innan veving og strikking. Tradisjonelle produkt kan vere band og kledning som vottar, luer, belte og vovne sjal.

Teknikkar

Som ull- og garnduodjár skal du kunne velje ut materiale og spinne garn til produksjon. Vidare vev du i ulike teknikkar, både med grindvev og vevstol.

Handstrikketeknikkar høyrer med i faget. Enkelte jobbar òg med strikkemaskiner.

Som lærling i faget utviklar du kunnskap om samiske veve- og strikkemønster. Du får erfaring med å designe og konstruere mønster og med å produsere strikka og vovne produkt.

Eigenskapar

Ein ull- og garnduodjár må ha kunnskap om ullfibrar og garn, og om tradisjonelle mønster. Du bør ha eit godt handlag, vere nøyaktig og ha evne til å bruke kreativitet i eigne arbeid. I tillegg må du kunne kommunisere godt med kundar og oppdragsgivarar.

Utdanning

Utdanninga for å bli ull- og garnduodjár er to år i vidaregåande skule og to års lære i bedrift. Det første året tek du vg1 handverk, design og produktutvikling. Det andre året vel du vg2 duodji. Etter to år i lære i ull- og garnduodjifaget kan du ta sveinebrev.

Skrive av Sara Inga Johansdatter Utsi Bongo .
Sist fagleg oppdatert 14.12.2021