Hopp til innhald

Yrke innan handverk, design og produktutvikling

Vg1 handverk, design og produktutvikling gir deg moglegheiter til å velje mellom 41 unike yrke. Du får bli kjent med fleire fag og mange teknikkar, gjennom handverk som har lange tradisjonar. Du skal lære metodar og framgangsmåtar, samtidig som du får jobbe med nyskaping og produktutvikling.

Båtbyggjar

Båtbyggjarfaget handlar om korleis vatn og krefter frå sjøen, bølgjer og vind, verkar inn på båten og konstruksjonen. Det blir derfor viktig med god forståing for form, materiale og teknikkar. Etter Vg2 båtbyggjar kan du velje om du vil ta fagbrev som kompositt- eller trebåtbyggjar.