Hopp til innhald

Trearbeid

Trearbeidsfaga byggjer på lange tradisjonar. Fagområdet spenner frå tradisjonelt handverk i små bedrifter, til moderne produksjon av ulike trebaserte produkt. Du skal lære om ulike materiale og teknikkar innan design og trearbeid, i tillegg til å bruke verktøy og maskiner.

Teknikkar i trearbeid

Det å meistre ein teknikk krev gjenteke trening og tolmod. Her finn du artiklar med filmar som viser viktige teknikkar innan trearbeid. Kombiner bruken av dei for å skape spennande løysingar og produkt.