Materiale og teknikkar (DT-DTH vg1)
Felles programfag saman med:Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1)
Tekstilhandverk
Tekstil er tøy og produkt av tekstilfiber. Fibrane blir tvinna saman til tråd eller garn. Teknikkar som veving, strikking, hekling, knipling og toving skaper mjuke material. Tekstila blir brukte til klede, utstyr og innreiing. Saum og tekstilhandverk er eit skapande og framtidsretta fag.
Saum og tekstilhandverk
Etter Vg1 handverk, design og produktutvikling kan du ta saum og tekstilhandverk på Vg2. Deretter kan du spesialisere deg i eitt av dei elleve lærefaga. I dette emnet ser vi nærare på yrkesutdanningane innan saum og tekstilhandverk.