Hopp til innhald

Fagstoff

Balanse

Ordet balanse betyr likevekt, og vi søkjer som regel etter balanse i omgivnadene våre.
Sjeselong med puter og pledd og tre rosa bilete på veggen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Balanse

Symmetri. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Med balanse meiner vi fordelinga av dei enkelte elementa i til dømes ein komposisjon. Når du lagar eit produkt, er det viktig at det ikkje blir opplevd som om det vippar mot den eine eller andre sida.

Det enklaste er å lage balanse ved å ha lik mengd på begge sider. Men det er fleire meir spennande måtar å skape balanse i eit arbeid på. Nokre fargar er lyse og verkar lette, medan andre er mørke og tunge. Nokre element verkar kompakte og tunge, medan andre er meir transparente og lette. Luft og mellomrom, kontrastar, proporsjonar, rørsle, lette eller tyngre fargar, materiale og former kan skape visuell likevekt i eit arbeid.

Asymmetrisk balanse

To blomsterarbeid i vase. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei modernistiske stilretningane som oppstod etter første verdskrigen, nytta seg av for å spegle av farten i det moderne samfunnet.

Asymmetrisk balanse er når det er ulik visuell vekt på objekta som balanserer kvarandre. Dersom vi deler produktet med ein midtakse, vil det ikkje vere likt på dei to sidene, men vi vil likevel kunne skape ein asymmetrisk balanse.

Det kan vere at mange små blomstrar skaper motvekt til ein stor. Det kan vere eit mønster i tekstilet som skaper motvekt til ei stor lomme. Asymmetri skaper rørsle og spenning.

Symmetrisk balanse

balanse er når produktet er balansert med forholdsvis like objekt på kvar side av ein tenkt akse. Den symmetriske balansen skaper harmoni, ei kjensle av noko klassisk og litt høgtideleg. Men han verkar òg statisk eller stilleståande, og kan opplevast som keisamt.

Interiør frå Håkonshallen ved Bergenhus festning. Hallen blei bygd i 1261 og er restaurert. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Interiøret i Håkonshallen ved Bergenhus festning er plassert slik at det blir symmetri om ein midtakse i rommet. Når komposisjonen er lik på begge sider av ein midtakse, seier vi at han speglar seg.

Firkanter i ulike størrelser er plassert  ut fra et midtpunkt. Logo.

Radial balanse

Ei anna form for symmetrisk balanse er radial balanse. Det er når forma stråler ut frå eit midtpunkt, til dømes kronblad rundt ein blomster. Dette kan fort bli veldig statisk. I eit symbol eller ikon, i ein logo eller eit skilt kan det fungere fint, for då må vi bruke former som er lette å oppfatte og hugse. I den tidlegare logoen til Statoil (nå Equinor) ser vi at utgangspunktet er radial symmetri, men det er tilført kontrast i storleikane i dei ulike delane.

Silhuett av ein person som sprutar vatn opp i lufta. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det gylne snittet

Det gylne snittet skaper asymmetrisk balanse. Det gylne snittet er eit matematisk omgrep som omtrent svarer til storleiksforholdet 3:5. Tredelsregelen er ei forenkling av dette, og han er ofte ein meir effektiv måte å dele flater på. Heilt enkelt kan vi seie at dersom vi deler ei flate i tre like delar både og , vil delelinjene liggje omtrent i det gylne snittet. Dei beste fokuspunkta finn vi der linjene kryssar kvarandre, og det er der vi gjerne plasserer viktige element.

I biletdømet er personen plassert i eit slikt fokuspunkt, og horisonten er plassert langs den eine horisontale linja.

Luft og negativt rom

Jente vandrar oppover ei tom gate i silhuett mot sola. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det tomme området mellom, rundt, over, under eller inni objekt kallar vi luft eller negativt rom. Lufta rundt er like viktig som dei formene du faktisk set inn i ein komposisjon. Komposisjonar med mykje luft blir gjerne oppfatta som meir stilfulle enn dei der element står tett saman.

For å skape motvekt til eit element kan du bruke luft eller negativt rom. Ei stor tom flate kan skape motvekt til eit stort element. Utan den store tomme flata i gata vil det fort opplevast som at komposisjonen i biletet ved sida av vippar mot venstre.

Dersom du lagar ein fotovegg over sofaen i ei stove for ein kunde, skaper du spenning ved å lage ein asymmetrisk komposisjon. For at du skal oppleve at fotoveggen er i balanse, må du ta omsyn til negativt rom mellom rammene og luft rundt komposisjonen. Mange små element kan skape motvekt til eit eller fleire store. Ei rein, stor og tom flate på veggen kan skape ro og balanse i det heilskaplege uttrykket.

Asymmetri. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-NC-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 01.06.2020

Læringsressursar

Komposisjon