Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skap rytme, ro og rørsle i dekor

I denne øvinga skal du fotografere utsnitt på skulen din. Utsnitta skal ha komposisjonar med rytme, ro og rørsle. Med utgangspunkt i fotoa dine lagar du dekor til eit lite papirhus eller ein liten papirkube.
Fotografi av eit lite hus bretta i papir med mønster på sidene.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Fotografi av ark med mal til papirhus som er dekorert med svart tusj.
Fotografi av åtte små papirhus med ulike mønster i sterke fargar.

Øving

Tema: arkitektur.

  1. Gå på jakt og fotografer utsnitt med rytme, ro og rørsle på skulen din, ute og inne. Du skal bruke fotografia som inspirasjon vidare i denne øvinga.

  2. Lag eit lite hus i papir. Ta utgangspunkt i eit A3-ark. Hugs kantar til å lime.

  3. Lag mønster og dekor på huset med svart eller farga tusj. Huset skal dekorerast med komposisjonar som viser rytme, ro og rørsle.

  4. Klipp ut, brett og lim.

  5. Set husa til alle i klassen saman til ein liten by, og lag ei utstilling.

Diskuter

  • Finn de nokre likskapstrekk i dekorane som uttrykkjer ro? Eller i dekorane som skaper rørsle?

  • På kva for nokre ulike måtar har de skapt rytme i komposisjonane?

  • Kvifor kan vi seie at det er rørsle i ein dekor, sjølv om mønsteret du har teikna, står heilt stille?

Fotografi av blomedekorasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rytme

Rytmar er gjentakingar av element. Rytme har med inndeling å gjere,
anten jamt og symmetrisk eller uregelmessig og asymmetrisk.

Fotografi av fire vasar i kvit keramikk.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Fotografi av at ein designar målar i stort format.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ro

Retninga på linjene i ein komposisjon er med på å skape uttrykket. Horisontale og vertikale linjer skaper ro. Vertikale linjer gir eit inntrykk av høgd, kraft og verdigheit. Geometriske former er konstruerte, rette og stabile. Slike former er meir statiske og vil skape meir ro. Pyramiden er ei geometrisk form som har eit lågt tyngdepunkt, og uttrykkjer harmoni, ro og stabilitet.

Rørsle

Rørsle i ein komposisjon handlar om fart, retning, aktivitet og kraft. Rørsle i eit design skaper eit spennande og dynamisk uttrykk og er det motsette av ro og harmoni. Diagonale linjer, bølgjer eller s-linjer skaper rørsle, spenning, djupn og dynamikk.

CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 12.06.2022

Læringsressursar

Komposisjon