Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Mål ein komposisjon

Hent inspirasjon frå arkitektur, foto du har teke, eller komposisjonar du har laga. Teikn opp ein abstrakt komposisjon, og mål han med fargar frå ein fargepalett.
Fotografi av mange kvadratiske komposisjonar som er måla på kryssfiner og heng på ein vegg over ein sofa i eit pauserom.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Illustrasjon som viser ein abstrakt komposisjon med utgangspunkt i arkitektur.

Øving

Tema: arkitektur.

Fotografi av komposisjonar som er måla på kryssfiner og heng på ein vegg over ein sofa.
  1. Vel eit foto du har teke, eller ein komposisjon du har laga, som du liker ekstra godt.

  2. Lag ein abstrakt komposisjon. Arbeid ut frå komposisjonsprinsippa, eller vel å bryte med prinsippa.

  3. Finn ein ferdig fargepalett, eller lag ein eigen fargepalett med fem til sju fargar, som du bruker i komposisjonen.

  4. Mål komposisjonen på bokpapp eller ei plate av kryssfiner, 20 cm x 20 cm.

  5. Lag ei utstilling av komposisjonane til klassen.

Relatert innhald




CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 12.06.2022

Læringsressursar

Komposisjon