Hopp til innhald

Fagstoff

Proporsjonar

For at ein kniv skal fungere godt, må han liggje godt i handa. Skaftet bør tilpassast i både lengd, tjukn og form. Knivbladet må formast ut etter kva funksjon kniven skal ha. I tillegg ønskjer kunden eit produkt som ser bra ut. Storleiksforholdet mellom dei ulike delane kallar vi proporsjonar.
Fotografi av to smørknivar og ei skei utforma i tre.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Fotografi av ein bukett i radial grupperingsteknikk som står utan støtte på eit bord.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Fotografi av blå stol og benk, eit stable-/sitjemøbel og eit oppbevaringsmøbel i tre.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Proporsjonar

Proporsjon betyr forhold. Når vi komponerer, tek vi stilling til kor store dei ulike elementa skal vere i forhold til kvarandre. I fleire handverk forheld du deg til visse proporsjonar.

Teknisk og optisk balanse

Ein blomsterdekoratør bør til dømes la 1/3 av høgda til buketten vere under bindepunktet og 2/3 over. Nokre gonger kan det også vere omvendt. På den måten oppnår ein optisk balanse.

Buketten må også ha teknisk balanse, slik at han ikkje veltar mot den eine sida i vasen.

Tredeling og det gylne snittet

Poenget med storleiksforhold er at heilskapen skal bli best mogleg. For å skape dynamikk i arbeidet kan du unngå midten og heller bruke tredelsregelen eller det gylne snittet. Dette vil då gi eit proporsjonalt forhold på 1 : 2.

CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2022

Læringsressursar

Komposisjon